Samfunn

Det nye store «vi» og Abrahams born

Jonas Gahr Støre er ein av få politikarar som har freista å diskutera identiteten til Noreg etter at vi vart eit multikulturelt land.

Etter karikaturstriden heldt utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) tale om «det nye store vi» i moskeen til World Islamic Mission på Grønland i Oslo.
Publisert Sist oppdatert

Alle statar som opp gjennom historia har fått endra den etniske, religiøse og kulturelle samansetjinga i befolkninga, har stilt statsleiinga overfor oppgåva å definera på nytt det politiske fellesskapet staten representerer.

Det var òg tilfellet i Noreg. Frå å ha vore eit av dei mest homogene landa i verda, vart Noreg plutseleg, og særleg etter 1990, eit av dei landa i Europa som raskast og mest radikalt endra befolkning. Vi auka folketalet med 25 prosent i laupet av vel eit tiår, og 16 prosent av befolkninga var i 2016 innvandrarar. Det religiøse mangfaldet vart stort. Noreg fekk miljø av hinduar, den katolske kyrkja blomstra, men særleg viktig i debatten om «det nye store vi» var utviklinga av ei muslimsk befolkning som SSB anslo til ca. 250.000 i 2016.

Men det verkeleg overraskande i eit komparativt og historisk perspektiv er kor lite opptekne den politiske leiarskapen var og har vore av dette spørsmålet. Ein av dei ytst få politikarane som under det internasjonale gjennombrotet tok oppgåva seriøst, var Jonas Gahr Støre.

«Det nye store vi»

Det var i storstova til World Islamic Mission på Grønland i Oslo at Støre fyrst, den 8. desember 2006, tok opp korleis det norske samfunnet no kunne definera «det nye store vi». Han gjorde det der, sa han, fordi det var hjelpa han fekk frå Islamsk Råd Norge under karikaturstriden – då han vart sterkt kritisert for å gje redaktør Vebjørn Selbekk skulda for at islamistar sette norske ambassadar i brann i Midtausten – som gjorde at han oppdaga at dette «nye store vi» fanst.

Talen hans – «Å skape et nytt og større ‘vi’» – var ein statsmannstale, stort lagt opp, og på grunn av den overordna tydinga av tematikken bør han plasserast i eit langt historisk perspektiv. Der Noregs nasjonalskald Bjørnstjerne Bjørnson snakka om kva Noreg og nordmenn var, og sa at oppgåva var å «forene frihet og kristendom», og «vor Bestemmelse fører os i sin Udvikling uvilkaarlig til det Folk, med hvilket vi har Blod og Kristendom fælles», sa Støre at det nye «vi» derimot, måtte vera «stort nok til å romme både dem som går til kirken og dem som søker til synagogen, tempelet, moskeen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement