Det kritiske valet
Store endringar må til etter det franske valet.
Emmanuel Macron kan bli Frankrikes Obama, der alt han prøver på, løyser seg opp i konfrontasjonar.
Foto: NTB scanpix
Frankrike er i djup politisk krise. Partisystemet er i oppløysing; alle tradisjonelle parti sprekk – jamvel Nasjonalfronten krakelerer i nokon monn, sjølv om 80 prosent av veljarane deira så langt er trufaste.
To presidentkandidatar, Macron og Mélenchon, gjer seg uavhengige av parti og satsar på folkerørsler. Framlegga deira til politisk handling er likevel stort sett gammalkjende. Om dei kan gjennomførast, er uklårt. Rett nok seier den tyske sosialfilosofen Jürgen Habermas seg optimistisk over at skilja mellom høgre og venstre løyser seg opp, og at nye organiseringsformer bryt fram (Le Monde 20. april). Han ser rørsla til Emmanuel Macron som eit oppsiktsvekkjande brot med konstellasjonane i Den femte republikken (altså sidan 1958). Avskaffinga av utbrukte og «giktbrotne» mønster må til for å finne nye løysingar.
Krisa forsvinn nemleg ikkje etter valet: Frankrike vil framleis ha gedigne økonomiske og sosialpolitiske problem. Habermas trur likevel at den stolte franske tradisjonen med sjølvkritisk etterrøking atter vil syne seg, og at det beste i den analytiske tradisjonen kan informere politikken – endeleg, for her trengst nye, klåre røyster.
Veik framtidstru
Pessimismen fører ingen veg, seier Habermas. Det har eg då sjølv merkt meg når eg har tala med mange franskmenn i påskeveka: Framtidstrua er veik. Delvis kjem det av at politikarklassen så inderleg har gløymt at der er ressursar i folket, hjå den einskilde og i samarbeid – slik reportasjen til Håvard Rem syner.
Dermed har ein også – dels på grunn av alle tabuemna i nyare fransk historie – gløymt å byggje bru over gapet mellom styrte og styrande. Denne brua må mellom anna byggjast ved ny satsing på kulturskapande arbeid, som i over to tiår langt på veg har vore eit brakkland. Nyepresidenten må syne tru på folk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.