JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Det grøne takskiftet

Vel, du undrast kvifor taket mitt er grønt?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Å velja eit svart tak ville vore lett. For lett. Berre dei mest uredde av oss kler oss i grønt, skriv May Linn Clement.

FOTO: Eric Clement

10068
20211119
10068
20211119

maylinnclement@hotmail.com

Det heile byrja i juni. Me skulle skifta eit rote bord i mønet, og me sette opp stillas for å koma til. Då eg klatra opp, fann eg at også rennebordet, altså bordet takrenna er festa i, var rote. For å få dette bordet av måtte takrenna demonterast. Det var ikkje berre lett, då plata som fører vatnet ned i renna, og som dessutan hadde byrja å rusta, var montert på undersida av ståltaket. Difor måtte det 30 år gamle ståltaket, som òg hadde byrja å rusta, skruast opp.

Denne lange rekkja med fylgjefeil av rust og rote vart for mykje for meg. Eg tok nokre nærbilete av tak og renne og køyrde til den næraste trevarehandlaren. Det gjekk mot eit takskifte.

– Taket på huset er som kjølen på båten. Er ikkje det i orden, hjelper det lite kor fint resten er, sa den røynde tømraren.

Å gå for takstein som skifer, betong eller tegl, vart snart uaktuelt. Tømraren var usikker på om konstruksjonen i huset ville klara tyngda.

Etter at taket vart heva i 1962, vart det fyrst lagt shingel, eller takpapp, på toppen. Etter om lag 30 år vart han bytt ut med ståltaket eg no skal skifta. Begge er lette tak, og det er nok eit lett tak eg vert råda til å velja: takpanner i stål.

Utstilt i butikken har dei variantar i svart, raudt, brunt og grått. Med ru overflate, som skal likna betongstein, og med blank overflate, som skal likna glasert teglstein.

Eg får med ein brosjyre heim, og her står det som éin av ti grunnar til å velja dette ståltaket: «Til forveksling likt takstein og minst like pent.»

Det er altså om å gjera å likna ekte takstein?

At tak er grå og raudbrune, er naturleg dersom materialet taket er laga av, er grått og raudbrunt. Ofte har det vore nett det. Grå stein og raudbrun terrakotta.

Då foreldra mine bygde hus i eit byggjefelt på 1980-talet, var det med klausular for fasaden. Kledninga skulle vera dobbelfalsa treverk, anten liggjande eller ståande, ingenting på skrått. Taket skulle hella 34 grader, og på toppen måtte det vera svart betongstein. Utover dette fekk dei gjera som dei ville.

Eg har ingen slike atterhald å føya meg etter når eg vel tak. Å velja eit svart tak ville vore lett. For lett. Det kunne eg gjort utan å tenkja meg om, og det trur eg mange gjer utan å tenkja òg. For svarte tak – glaserte, gråna og mosegrodde – er det absolutt flest av. Også blant ståltaka er svart ein gjengangar. Kvifor er det slik?

Den dagen ein byrja å pulverlakkera stålplater i ulike fargar, kunne ein setja andre fargar på taket. I brosjyren eg har fått, står det at dei pulverlakkerer takpannene i grønt. Eg ynskjer å sjå korleis fargen er på ekte, men i butikken har dei ikkje fargeprøva inne.

– Det er ingen som har spurt etter grønt tak før, seier tømraren og bestiller fargeprøva til meg.

Grøn er eit firebokstavsord. Han er den vanskelegaste fargen. Når du går for grøn, anten det er snakk om veggmåling, møblar, klede eller politiske parti (nei då!), er sjansen størst for at du vert misnøgd. Det lærte eg i eit av favorittfaga mine på vidaregåande, nemleg fargelære.

Dette gjer grøn til ein modig farge. Berre dei mest uredde av oss kler oss i grønt. Dei som vågar å bryta ut, vågar å verte sett.

For nokre år sidan intervjua eg Hilde Sandvik, som står bak radioprogrammet Norsken, svensken og dansken. Ho kom gåande ned ei spiraltrapp, og det fyrste eg såg av henne var eit par høge hælar og ei knall grøn bukse med sleng. Eg hadde eigentleg ikkje trunge å gjera intervjuet, buksa sa meir enn dei 10.000 teikna (inkludert mellomrom) eg hadde til rådvelde.

Medan dei fleste fargekyndige er samde i at raud og blå er primærfargar, er det ikkje opp og avgjort om grøn er ein primær- eller sekundærfarge. Det kjem heilt an på kva fargeteori du sver til. Primærfargane er dei ein treng for å blanda alle verdas fargar. Då grøn er ei blanding av gul og blå, har eg, som er oppvaksen i trua på den sveitsiske målaren Johannes Ittens fargelære, alltid operert med grøn som ein sekundærfarge.

Grøn kan verte varmare og syrlegare ved å blanda i meir gult, og kjøligare ved ha i meir blått – om eg skal våga meg på å tileigna fargar eigenskapar, då. Også der er dei fargelærde usamde. For kva assosiasjonar du får av ein farge, er – ikkje overraskande – individuelt.

På eine sida kan grøn koplast til noko positivt, der graset er grønare og samfunnet er på grønt nivå. På andre sida knyter me grøn til gift og kvalme, og du kan berre prøva deg på å kalla meg grøn.

Fargar kan missleia deg i freisting. Ta til dømes tranflaska. Ho finst i to nesten like utgåver. Det er ein variant der etiketten og korken er grøn, som resten av flaska, og ein variant med gul etikett og kork. I ei av desse flaskene har tranen smak av sitron, i den andre er ingenting tilsett for å heva smaken.

Kva flaske trur du smakar sitron? Den med gul kork? Feil. Det er den gjennomført grøne flaska som kjem med sitronsmak. Eg kan umogeleg vera den einaste som reagerer på dette.

Juli gjekk med til å studera hustak. For kvart hus eg passerte på ferie i Oslo, på Jæren og når eg køyrde mellom Austevoll og Norheimsund, ofra eg taket eit blikk. Synd å seia det, men det er mange forsømte tak rundt om. Folk måler husa sine, skiftar vindauge og byggjer ut her og der, men ser ut til å gløyma at taket utgjer 30 prosent av fasaden.

Av alle hustaka eg såg i sommar, var ikkje eit einaste grønt. Det vil seia, eit og anna hadde gras på taket, og eg har passert løer og hytter med grønt rilletak. Men ingen er av den mørkegrøne varianten eg får fargeprøve av.

Eg tek ho med meg heim og ser ho opp mot det kvite huset og den brune teakdøra mi. Så tek eg fargeprøva med på turné rundt i grenda. Eg byrjar hos onkel Norvald og ser korleis det kjem til å sjå ut frå nord, så går eg bort til onkel Kjell for å sjå huset og det tenkte grøne taket frå sørvest.

Å skildra denne grønfargen med ord er vanskeleg. For når eg seier at han er flaskegrøn, kan det henda at min flaskegrøn er heilt ulik din. På grunnkurs fekk me i oppgåve å blanda til fargane babyblå og vinraud og måla eit ark av kvar. Elevane skulle ikkje sjå på kvarandre sine verk før me var ferdige.

Det vart like mange variantar av babyblå og vinraud som me var elevar.

Så for å gje ei meir spesifikk skildring av denne grønfargen kan eg seia at han liknar dei grøne Bosch-produkta og kofferten produkta kjem i. Berre med ørlite meir gult i seg. Meir som flaskegrøn.

Det er slitsamt å ta val – og risikera å velja feil. Det kan vera ein grunn til at folk flest går for svarte tak, og kanskje er det grunnen til at folk flest har svarte takrenner.

Medan mor mi har pipedilla, er eg opphengd i takrenner. Å vera hekta på takrenner er like trist som det er kjekt. For snart vil ein oppdaga at dei aller fleste rennene du møter, er i svart plast. Ofte solbleikte og krydra med målingsflekkar.

Å gå rundt i Bergen, og spesielt i området mellom Dragefjellsbakken like bak kinoen og opp til Nygårdsparken, gjer derimot godt i sjela. Bygga er høge, over fleire etasjar, og i enkelte gater er etasjane på fasaden delte inn i ulike nyansar av same farge. Det er til dømes ein klår grøn øvst, ein lysare variant i midten og ein nesten kvit nedst.

Takrenna er innlemma i denne planlegginga og er måla i same fargar som huset. Slike detaljar legg ein ikkje så godt merke til før ein møter det motsette: ei sjenerande svart takrenne som bryt gjennom frå topp til tå. Det øydelegg fasaden heilt.

Korleis vel ein riktig takrenne, undrar du kanskje? Éin utveg er å velja same farge på renna som på taket. Når taket er svart, kan renna godt vera svart òg, sjølv når huset er lyst.

Men når taket er lysare enn svart, er svarte renner berre fint dersom husfargen er mørk.

Raudt tak, svarte veggar og svarte renner – det går heilt fint. Men prøv å sjå for deg denne: Tak i dropeskifer, kvite veggar og... svarte renner. Forstyrrande, ikkje sant? Renna vert som ein tjukk, skrikande kontur mellom tak og vegg.

Når både taket og huset er i ein lysare valør enn svart, tek det seg best ut om også renna er lysare enn svart. Ei renne kan faktisk vera fin å sjå på, ho treng ikkje berre vera funksjonell.

Før sommarferien er over, har eg bestemt meg. Eg går for grønt tak og renner i blank aluminium.

Det er noko seriøst knytt til taket. Ein skiftar ikkje tak på eit gamalt hus ein ikkje er villig til å satsa på. Å byta taket tek buforholdet til neste nivå. Det er som å seia: «Eg tek deg som over hovudet mitt ligg, og lovar å bu her til ein eventuell lekkasje skil oss.» Å signera kontrakten på 392.780 kroner for totalutskifting av tak og renner var som å signera vigselattesten.

Tidleg ein morgon i september kom tømrarane og sette i gang. Fyrst monterte dei stillas rundt heile huset, så byrja rivinga av det gamle taket. Naboane, altså onklane mine (eg bur i ein onkelsandwich), fylgde med på desse nye kapellanane som arbeidde på barndomsheimen deira.

Eg veit ikkje korleis det er i andre familiar, men i denne greina av slekta mi har folk, og spesielt mennene, ei sterk trong til å vita kva ting kostar.

– Det ser dyrt ut, sa Alfeguten spørjande.

Han er gift med kusina til mor mi og rulla ned ruta i det han køyrde forbi.

– Då har eg oppnådd nett det eg ville, svara eg.

Onkel Kjell var meir direkte.

Ka kosta da?

– Det vert rundt 400.000 kroner, sa eg.

Fira hondra tusen?!

Han vart slått i bakken av den svimlande summen. Han plar det, bli skaka over kor dyre ting er, for så å spreia ordet vidare til onkel Einar.

– Eg må spørja... Kjell sa at taket kosta 400.000 kroner. Kan det stemma, for berre eit ståltak?

Det kostar det det kostar, tenkjer eg. Om det kan ha ein nyhendeverdi og generera litt folkesnakk, er eg glad til.

Det er over ein månad sidan taket vart skifta. No er det myrsnipa i meg som snakkar, men eg har det finaste taket på haugen. Eg visste ikkje det var mogeleg å lika eit tak så godt som eg likar mitt eige. Somme gonger er grønt det vanskelege, men rette valet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Å signera kontrakten på 392.780 kroner for total­utskifting av tak og renner var som å signera vigselattesten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis