Reportasje
Det gamle og nye hamnebassenget
FERKINGSTAD: I 1953 fekk til slutt den ville sørvestsida av Karmøy ei hamn, der ei unikt stor hamn låg for 1500 år sidan.
Ferkingstad hamn på utsida av Karmøy gjev ly mot storhavet. Hamnebassenget, livsverket til Didrik Ferkingstad, vart opna i 1953, 35 år etter at anleggsarbeidet vart sett i gang. Treskøyta til Gunnar Ferkingstad ligg med hekken til.
Foto: Håvard Rem
Det er naturstridig. I dag ligg havet som ein blank spegel her sør på den ville vestsida av Karmøy, der Nordsjøen står rakt på. På austsida, i Karmsund, ligg Avaldsnes i le, som eit sentrum i 3000 år. På Ferkingstad bryt havet mot klippene. Det er vondt å halda seg på rett kjøl i storm, men verre å koma seg på land og fortøya ein stad der båten ikkje vert knust av bylgjene.
Hamnebassenget
Moloen og hamnebassenget, alt av stein, stort som ein fotballbane, endra mykje. Ytst, ved innsiglinga, såg ein før havhorisonten, berre broten av omrisset til Utsira ti nautiske mil der ute. No endar hamnebassenget i ein høg mur av kampesteinar, moloen som stod ferdig for 70 år sidan.
Eg kjem ut av eit av sjøhusa for å drikke morgonkaffi i sola. Dei vart bygde i 1960-åra, då moloen og den nye hamna stod ferdig. Gunnar Ferkingstad var berre ein gutunge då, pensjonisten som no gjer fiskeskøyta si klar til sjøsetjing, eit nydeleg fartøy, gylle i treverket. No står skøyta på solide bukkar under krana, og i morgon, etter det siste stroket, på vatnet. Trål høyrer til fortida som yrkesfiskar.
–?No er det berre line. Og litt teine, fortel han.
«Climatet er», skreiv Jens Kraft om Ferkingstad i 1830, «temmelig vindigt. De stille Dage i Aaret er kun faa, de vindige og stormende desto flere». No kan Gunnar Ferkingstad sjøsetja båten éin gong i året. Før hamna stod ferdig i 1953, laut ein dra båten på land etter kvar ferd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.