Reportasje

Det byrja i Bergen

Bergen: Ein ung Ivar Aasen kom til byen i 1841 med eit manuskript om folkemålet. Folkeleg er gatebergensken som i dag vinn fram i regionane kring byen og i bergenske songtekstar.

Fire diktarar i Bergen. Frå venstre: Dorothe Engelbretsdatter (1634–1716), Ludvig Holberg (1684–1754), Ivar Aasen (1813–1896) og Jan Eggum (f. 1951).
Fire diktarar i Bergen. Frå venstre: Dorothe Engelbretsdatter (1634–1716), Ludvig Holberg (1684–1754), Ivar Aasen (1813–1896) og Jan Eggum (f. 1951).
Publisert Sist oppdatert

30. juli 1841 kom Ivar Aasen for fyrste gong til Bergen, med det nye og imponerande post- og kanonskipet «Nordcap», drive av damp og skovlhjul, men kva dreiv Aasen? Målet var morsmålet, men kva var motivet? Kva var viktigast, personleg og ålment? Fire mogelege motiv meldar seg. Var drivkrafta forskartrong? Nasjonsbygging? Folkeopplysing? Diktartrong?

Reisetid

Eg tek toget til Bergen. Kan henda er det svar å få i byen der det byrja, ikkje berre verksemda hans, men den tidlege målrørsla òg. Bergen var dess­utan hovudstad i landsdelen med dialektane han fann viktigast. På hans tid omfatta Bergen stiftamt det som i dag er Hordaland, Sogn og Fjordane og Aasens eige Sunnmøre.

Som Aasen kjem eg til Bergen ein fredag kveld. Kva dreiv han ut på ei førtiårig steinrøysvandring, over Langfjella, til dømes, ei strabasiøs ferd som tok nær ei veke. Berre tre gonger i livet drog han fjellvegen mellom aust og vest, kvar gong via Lærdalsøyri. Mellom Bergen og Oslo drog han helst med skip, med ei reisetid på drygt to døger, langt frå den kortaste, men likevel den snøggaste vegen mellom dei to byane.

Med Bergensbanen, som eg tek, vart reisa i 1909 forkorta frå femtifem til femten timar, i dag tek ho sju, og med Ringeriksbanen, som har vore planlagd sidan 1991, vil ho ta seks. Men heller ikkje toget er snøgt nok no. Flyet tek femti minutt. Di betre råd me får, di dårlegare tid.

I Bergen skal eg møta dei to hovudredaktørane for det ferske firebandsverket Norsk språkhistorie (2016­–18), forskarane Agnete Nesse og Helge Sandøy, og ein fersk spellemannprisvinnar i songtekst, bergensartisten Doddo, samt folk frå heile landet som tek del på landsmøtet til Norsk Viseforum på Hordaheimen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement