Reportasje

Den vesle øya med den store soga

PAPA WESTRAY: Øya er mindre enn Røst, men har lufthamn, ei kyrkje frå 700-talet og ein 6000 år gamal gard. Vegvisar er forfattaren Jim Hewitson. Han og Morag har budd her i 45 år.

St. Boniface-kyrkja på Papay vart bygd på 700-talet. I bakgrunnen ser me nordenden av naboøya Westray.
St. Boniface-kyrkja på Papay vart bygd på 700-talet. I bakgrunnen ser me nordenden av naboøya Westray.
Publisert

Skodaen til forfattaren Jim Hewitson kjem humpande mot lufthamna på den uasfalterte bilvegen, den einaste på øya. Rullebanen er ei stripe i graset, lufthamna eit betongskur og eit uthus. I uthuset står brannbilen, ein raud pickup. På skuret heng skiltet: «All bagasje må vera sjekka inn ti minutt før flyavgang.»

Papa Westray skulle for lengst ha vore fråflytta, men har ferje- og lufthamn med daglege avgangar. I dag er ho den nest minste busette øya på Orknøyane. Kven vil vel avfolka ei øy der det var gardsdrift for 6000 år sidan? Husa står framleis.

Den fyrste kristne kyrkja på øya vart bygd av dei innfødde piktarane før langskipa kom hit sist på 700-talet, fylte av heidningar frå Vestlandet.

– Her fann dei den fyrste hamna i le på denne sida av Vesterhavet, fortel forfattaren Jim Hewitson og peikar mot bukta på austsida av øya. Jim kjenner øya. Han og kona Marog flytta hit frå Glasgow sist i 1970-åra, og han har skrive bok om øya, Papa Westray. Island at the Rainbow’s End (Edinburgh og London, 1996 og 2005).

Pentland Firth

For å koma hit, heilt ytst og nord på Orknøyane, flaug eg fyrst frå ytre Hebridane, «Sørøyane», til Inverness på fastlandet, og derfrå til Orknøy-hovudstaden Kirkwall på hovudøya Mainland. Båe ferdene gjekk med ein Saab 340, ein propelldriven 34-setar, før ein åttesetar skal ta meg vidare til Papa Westray.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement