Reportasje
Den tronge porten til Nordfjord
VÅTEDALEN: Om ein sørfrå vel vegen vestanfor breen, kjem ein til Nordfjord gjennom ein stølsdal som seint fekk heilårsveg.
Sør i Våtedalen
Alle foto: Håvard Rem
Når ein kjem frå Austlandet og skal til Nordfjord, lyt ein ta eit val. Skal ein ta vegen austanfor eller vestanfor breen? Det er som når du frå Austlandet fer mot Trondheim: Dreg du austan- eller vestanfor Mjøsa? Den største breen og innsjøen i landet kan me samanlikna av di båe er lite eigna for samferdsle – i dag, vel å merka. Før 1900 var det gjerne ikkje kring, men til fjordane og innsjøane ein la vegen – om ikkje til breane. Somme gjorde det òg. Kva for brear? Jostedalsbreen og Breheimen.
Då eg som tjueåring budde eit år i Nordfjord, kom eg dit austanfor breen, gjennom Stryn. No kjem eg på vegen vestanfor breen. Det er den kortaste vegen frå hovudstaden, berre 430 kilometer, i luftline så å seia – rakast, men ikkje raskast. Karttenestene tilrår vegen gjennom Gudbrandsdalen, hundre kilometer lengre, men utan ferjer og ein halvtime snøggare.
Tunnelane
«Opp på fjellet, ned i dalen», song me i bilen då eg var gut og familien om sumaren fór same berg-og-dalbanen for å vitja slekt nord for Nordfjord. No er det sein haust. Etter Sundvollen og Hemsedal klatrar bilen forbi skilt som «Lærdal kommune», «Kjettingplass 150 m» og «Vestland fylke». Brøytestikkene er ikkje lenger av bambus, men av aluminium, stål og signalraud plast.
Så går det bratt nedover mot Sogn. Men ikkje til botnen. At nedoverbakkane flatar ut midtveges mellom fjell og dalbotn, kjem av at me nærmar oss ein dal som er fylt av hav, ein fjord, for å seia det slik. Denne veka skriv eg om ein dal, og neste veke om fjorden, men i eit istidperspektiv har eg vondt for å sjå skilnaden.
Ferjeferda frå Fodnes til Mannheller over verdas lengste fjord vert fylgt av klatring mot kontinentets største bre, rett nok mindre enn på lenge, men stor nok til å forsyna kvar einaste europear med eit halvt tusen badekar fylt av ismasse. Ein gong var han like stor som Australia.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.