Den siste oska

Forbrenning i to trinn: Luftstraumen gjennom ein moderne reintbrennande omn er svært mykje meir kompleks og gjennomtenkt enn i gamle omnar.
Forbrenning i to trinn: Luftstraumen gjennom ein moderne reintbrennande omn er svært mykje meir kompleks og gjennomtenkt enn i gamle omnar.
Publisert

Nyttårskvelden vert feira med fyr og flammar. Me peisar på med vedkubbar. Det er siste kvelden med open eldstad i heimen til venen min. Tusenårsgamle tradisjonar med tilhøyrande flammar vert kvelte av Bergen kommunes vedtak om reintbrennande omnar. Vedfyring er blitt både ei forureiningskjelde og ein miljøversting.

Rundt midnatt går me ut i den beinkalde natta. Eit fyrverkeri av pandemiske dimensjonar slår imot oss og lyser opp byen og tilværet. Det svir i auga, og lungene vert fylte med røyk.

Nyåret har gjeve oss reine fimbulvinteren i Noreg. Klimaskeptikarane har fått anekdotisk bevis. Me andre sit att med frysingar. Det er polarkvervelen som har stranda litt lenger sør enn vanleg, noko som kan skildrast med dei vakre likningane til den svenske meteorologen Carl Gustaf Rossby. Han var sjølvsagt utdanna ved Bergensskolen.

Eg sit no og dekonstruerer verket til ein annan svenske: eit furukjøkkenbord frå Ikea kjøpt på opningsdagen i Bergen 1984. Det skal bli flammanes rov.

Kva er ved? Det er levd liv og no lagra energi. Kva er liv? Ei utmerkt bok av fysikaren Erwin Schrödinger, men også eit evig strev mot naturens trong til mest mogleg uorden.

Ved, av nokre kalla biomasse, er eit produkt av fotosyntesen. Fotosyntesen gjer solstråling, karbondioksid og vatn om til blant anna sukker, cellulose og lignin. Dei er alle lange kjeder av molekyl sette saman av karbon, oksygen og hydrogen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement