JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Den rusliberale skravlaren

– Programmet Debatten er underhalding forkledd som seriøs TV. Skravleklassen er seriøs radio forkledd som underhalding, seier podkastskaparen Sturla Haugsgjerd (37).

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
– Me lever i ei politisk unyansert tid. Det er anten ja eller nei, det er ikkje rom for eit kanskje. Det gjer at folk i sentrum melder seg ut av debatten, og det er dumt, seier Sturla Haugsgjerd.

Foto: May Linn Clement

8363
20190913

Bakgrunn

Sturla Haugsgjerd (37)

Rusavhengig samfunnsdebattant

Lagar podkasten Skravleklassen saman med psykolog Anders Gravir Imenes

Tredje sesong er no i gang

Podkast

maylinnclement@hotmail.com

– Saka skulle vore fire gongar lengre.

Sturla kommenterer teksten du nett har byrja å lesa. Som rusbrukar og aktiv debattant har han fleire innfallsvinklar og mykje på hjarta. Difor passar det i grunnen godt at han lagar podkast der han kan skravla i veg om Romarriket, Russland og aktiv dødshjelp utan å avgrensa seg til teikn inkludert mellomrom.

– Du får ikkje gått djupt nok på 1400 ord. Det er ein grunn til at ein episode av Skravleklassen kan vara i to–tre timar.

Podkasten driv Sturla, klienten, saman med psykolog Anders Gravir Imenes. Det siste året har dei laga episodar om alt frå amerikanske tilstandar via fri vilje til sjølvmord. Det kjem me tilbake til.

Dag og Tid er med når episode 50 vert spelt inn. Tre mikrofonar og ein laptop er rigga til på salongbordet heime hos Imenes. Gjesten deira er Dagbladet-kommentator Oda Rygh, og temaet er diagnosen ho deler med Sturla: bipolar liding. Dei kjem snart i gang med å snakka om korleis det slår ut hos dei.

– Eg bestilte tre selskapskjolar og ein partert gris levert på døra – på éin og same kveld, minnest Oda frå ein hypoman periode.

– Me er dei einaste eg veit om som har skrive kronikkar i hypoman tilstand, fått dei på trykk og angra, supplerer Sturla. Han er skrudd på. Han rantar, som han kallar det å snakka ut ein tanke, han er morosam og personleg.

Fallet

Me skrur klokka tilbake nokre timar, til rundt 12.30. Heime på Nesodden har Sturla nett stått opp. På verandaen dekorert med klingande uroer, ein og annan liten statue og flust med fargerike blomar slit han med å få fyr på den andre sigaretten på rappen.

Sturla fekk diagnosen bipolar liding for tre år sidan.

– Eg skulle gjerne fått han tidlegare. Då eg fyrst fekk diagnosen, var det mange knutar som løyste seg.

Sturla har hatt éin fot i medieverda sidan han var gutunge. Det byrja med teater og skodespel, mellom anna hadde han rolla som Pelle i NRK-serien Asylet i 1990-åra. Seinare har han arbeidd på andre sida av kameraet, som konseptutviklar, noko han òg har undervist i ved Westerdals. Den andre foten har Sturla i rusverda. Han vart til slutt heroinavhengig.

Dei to føtene kunne på eit tidspunkt ikkje halde det gåande i same takt lenger. Han snubla og fall.

– Andre kunne stoppa drikkinga når det var nok, og oppførte seg nokolunde bra. Eg meistra ingen av delane. Oppførselen min vart smaklaus, og eg rusa meg berre meir.

Sturla mista jobben han hadde i NRK, i redaksjonen til Trygdekontoret. Det byrjar å verta nokre år og fleire rusbehandlingar sidan.

– No er eg komen til ein stad i livet der rusen ikkje har overtaket på meg. Eg tek substituttmedisin dagleg, og eg har realistiske tankar om framtida.

Terapi + Ekko

– Korleis vart Skravleklassen til?

– Eg var gjest i programmet Podcast om rus, der eg snakka om kjepphesten min: ruspolitikk. Leiaren av produsentselskapet Moderne Media høyrde denne episoden og ville ha meg på laget.

Slik lyder kortversjonen.

Psykolog Imenes, som er stipendiat ved Universitetet i Oslo, ville laga eit program som tok føre seg Sturlas veg gjennom rusbehandlinga.

– Hadde Anders fått velja, ville det vore ein rein terapipodkast. Hadde eg fått velja, ville det vorte meir som Ekko på P2, seier Sturla.

Resultatet vart ei blanding, der mennesket Sturla er like sentralt som temaet dei tek opp. Rus og det å vera avhengig er såleis ein raud tråd.

Kva er grunnen til at somme vert avhengige av eit rusmiddel, medan andre slepp unna? Ein av gjestane, doktor Vincent Felitti, som Sturla intervjua i San Diego i fjor, har forska på dette.

– Han fann ut at det å vera avhengig er sterkt knytt til traume i barndomen.

I samtala med Felitti fortel Sturla om oppveksten, om ein samansveist familie som over natta vart broten opp. Skilsmissa mellom foreldra vart òg som ei skilsmisse mellom Sturla og faren.

– Somme gonger tenkjer eg at det ikkje er ille nok til at eg kan kopla det til det å vera rusavhengig.

Det utmatta sentrum

Sturla har mange tankar om debattklimaet i norske medium. Han meiner det er prega av ei polarisering der sentrum vert kvelt. Litt av skulda gjev han til sosiale medium og kampen om klikk.

– Sosiale medium gjer at samfunnsdebattantar lenar seg meir og meir mot eiga side. Dei skriv, får mange klikk, folk trykkjer «liker» – ergo gjer dei noko rett. Slik trur eg meiningar vert dregne mot ytterkantar, i ein Pavlovs hund-dynamikk. Når ytterkantane møtest, vert det god TV.

– Ta til dømes Debatten på NRK. Sendinga er blitt eit sirkus. Det kjem ikkje noko konstruktivt ut av at folk står og ropar til kvarandre. Det er rein underhaldning.

Han håpar Skravleklassen kan vera eit alternativ.

– Når me har ein gjest som meiner noko sterkt, prøver me ikkje å finna nokon som meiner det stikk motsette.

Sturla seier det ikkje er tilfeldig at fyrste episode av podkasten vart kalla Det radikale sentrum. Med Didrik Søderlind som gjest slo dei eit slag for stemmene som lett druknar i eit ordskifte prega av digitale skyttargraver. Sturla trur nyansar skremmer folk.

– Me lever i ei politisk unyansert tid. Det er anten ja eller nei, det er ikkje rom for eit kanskje. Det gjer at folk i sentrum melder seg heilt ut av debatten, og det er dumt.

Då Resett-redaktør Helge Lurås var gjest i podkasten, fekk Sturla spørsmål om dei var eit høgrevridd program.

– Nei, men me er nyfikne. Det verkar som venstresida ynskjer at Resett skal vera den verste utgåva av seg sjølv. Resett har ein stor fylgjarskare, og me må ta dei på alvor. Ettersom dei har mange tilhengjarar, håpar eg heller dei går meir mot sentrum og ikkje forfylgjer einskildpersonar, anten det er Trine Skei Grande eller Sumaya Jirde Ali. Eg er motstandar av å sensurera meiningar fordi ein ikkje likar dei.

Overdose i L.A.

To episodar skil seg ut. Desse er kalla Lukket avdeling Confidential 1 og 2.

I fjor haust drog Sturla til Los Angeles for å arbeida med eit manus. Under opphaldet hamna han i ein djup depresjon. Han ville ikkje leva lenger og tok ein målretta overdose. Med blålys og sirener vart han frakta til sjukehus. Herfrå gjekk vegen til lukka avdeling. Gjennom episodane fortel Sturla ope om dagane før sjølvmordsforsøket og korleis det var å vakna opp på sjukehuset. Tankane veksla mellom «Yes, eg lever» og «Faen, eg overlevde».

– Kvifor laga de radio av sjølvmordsforsøket ditt?

– Eg såg ikkje føre meg at me skulle laga ein heil sesong utan å komma inn på det. Eg ville ta det ved rota.

– At du er så ærleg om noko så personleg, er det medvite?

– Ja, når folk kan kjenna seg att i det eg seier, og når erfaringane mine kan vera til hjelp, er det nyttig å vera ærleg. Eg er ikkje ærleg berre for å vera ærleg. Når det ikkje lenger har nokon verdi for andre, vil eg slutta med det.

Sturla seier han kom til eit point of no return i rusdebatten for nokre år sidan, der han følte at folk visste alt det fæle som var å vita om han. Det var ikkje meir å leggja skjul på.

– Men eg er ikkje 100 prosent ærleg. Eg ber framleis mykje skam som eg ikkje snakkar om. Det vil eg til livs. Skam er best på TV.

Avhengig og sta

Enno lagar Sturla podkast på dugnad. I framtida håpar han å kunne tena pengar på radioprogrammet.

– I dag får eg arbeidsavklaringspengar frå Nav, men det får eg ikkje for all framtid. Førebels har eg frist til november med å finna eit levebrød. Eg håpar inderleg at det kan vera Skravleklassen. Alternativt finn du meg i kassa på Kiwi.

Når det er sagt, meiner Sturla det ligg mykje tapt potensial i å ikkje bruka folk med ulike rusproblem i arbeidslivet.

– Ein må ikkje vera 100 prosent rusfri for å kunna gjera noko meir konstruktivt enn å selja kaffi og blad.

– Vil du slutta med rusen?

– No brukar eg lovlege substituttmedisinar, men det gjer eg jo fordi eg er heroin­avhengig. Ei nedtrapping er noko som må skje i mitt tempo. Inntil vidare vil eg visa at det går an å gjera ein god og meiningsfull jobb sjølv som rusavhengig. Eg er litt sta nett der.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis