Den omsnudde midtvintersdagen
Jola frå solsnu til midtvintersdagen i dag er ein tusenårig tradisjon for fellesskap, mat og drikke. Kvifor var Noreg det einaste landet som innførte nasjonal skjenkestopp i jolevekene?
Carl Larsson (1853–1919), «Midtvinterblot» (1915). Olje på lerret. Høgd: 6,4 meter. Breidd: 13,6 meter.
Foto: Nationalmuseum, Stockholm
Ingen dagar er like. Kvar dato har si soge. Dagane i året er ikkje hakk i plata, men i primstaven, eit hakk og eit symbol – ei sol, ein sopelime, eit drikkehorn. Dagen i dag til dømes, har han ei soge? Er 14. januar anna enn utgjevingsdatoen for bladet du les?
I dag vel Wall Street-banken Citigroup å seia opp tilsette som har valt ikkje å vaksinera seg. Andre Wall Street-bankar har nøgd seg med å påleggja uvaksinerte tilsette heimekontor. Frå i dag vert det i Sverige ikkje høve til å servera alkohol etter klokka 23.
Og her heime? Hender det noko i Noreg i dag? Får dei i Nore og Uvdal kommune sjølv mynde til å avgjera om dei få gjestane på Rødberg Hotell, inst og øvst i isolerte Numedal, kan tinga eit glas øl til biffen?
Midtvintersdagen
Så langt 14. januar i år. Kva med tidlegare år? I dag for 208 år sidan vart landet vårt eit krigsbytte. Den tapande danskekongen mista Noreg til den vinnande svenskekongen. Men dagen i dag går djupare i historia enn til 1814. Han er ein merkedag me kan fylgja til tida før kristendomen kom. 14. januar er sjølve midtvintersdagen.
Midtvintersdagen? Den mørkaste dagen i året? Nei, det er vintersolkverv 21. desember. Midtvinter har i uminnelege tider vore markert midt i januar. Kvifor? Dagen kjem matematisk midt i vinterhalvåret. Når ein 14. oktober snudde primstaven over på vintersida, som rekk til 14. april, ligg dagen i dag midt i.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.