Teknologi
Den mest avanserte teknologien
James Webb-teleskopet har ein spegel som er seks meter i diameter, av ultralett beryllium dekt med gullfilm. Gull reflekterer infraraudt lys best, og det er slikt lys teleskopet brukar til å registrere informasjon om objekt i verdsrommet.
Foto: NASA
I ei tidlegare spalte diskuterte vi kva som er den enklaste teknologien menneska har laga, og vi kom fram til at det må vere ei handøks av stein som er hogd til med ein annan stein. No vil vi drøfte det motsette, nemleg kva som kan vere den mest avanserte teknologien menneska har laga.
Den offentlege debatten på nyåret i 2023 tilseier at svaret er ChatGPT. Journalistar og forskarar er forbausa, oppglødde og uroa over kor lett denne maskina skriv tekstar, og kor gode tekstane er. Sjølv om ChatGPT er veldig avansert, er han ikkje det mest avanserte som finst, og vi gjev Chat GPT sin rettmessige plass lenger nede.
Utgangspunktet vårt er at den mest avanserte teknologien er ein ny kombinasjon av avanserte teknologiar som alt er laga, og at han har eigenskapar som går ut over det tidlegare kombinasjonar kunne gjere. Den mest avanserte teknologien er difor stadig noko nytt. Vår fremste kandidat er James Webb-teleskopet, som er laga av den amerikanske romfartsinstitusjonen Nasa i samarbeid med europeiske og kanadiske partnarar.
Dette teleskopet opererer langt ute i verdsrommet i meir enn 200 kuldegrader. Det er laga av nyskapte fysiske legeringar med sjølvdrivne rørlege delar så vel som fintmerkande og nøyaktige sensorar. Det vert styrt av vår tids beste datasystem, som kommuniserer effektivt med bakken, og bileta frå teleskopet vert formidla gjennom det globale internettet. Ikkje minst har James Webb-teleskopet fungert imponerande godt heilt frå starten langt der ute i den ugjestmilde omgjevnaden sin.
Byggjesteinane i avanserte teknologiar har utvikla seg i tusenvis av år. Det viktigaste er dei formbare materiala som gjev substans, form og funksjon til teknologien. Då menneska forstod prosessen med å smelte jernmalm og forme verktøy av jern, kunne vi lage nyttige reiskapar som plogen og spikaren, men også meir og meir effektive drapsvåpen.
Dampmaskina er basert på sterkt og nøyaktig utforma stål, og danna grunnlag for moderne maskiner og dei avanserte funksjonane deira. Det har blitt laga tusenvis av legeringar, til dømes gjennomsiktig straumleiande materiale i dataskjermar og halvleiarar i transistorane til mobiltelefonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.