Den kvite kvalen og den kalde krigen
Historia om kvalen i Hammerfest er av dei søtare episodane i soga om militære sjøpattedyr.
Kvitkvalen som dukka opp ved Hammerfest i vår, var utstyrt med eit seletøy som tyder på at han har vore i militær teneste for Russland.
Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet
Lytt til artikkelen
Kvitkvalen som har slått seg til i hamnebassenget i Hammerfest, har blitt kjendis og kjæledyr, slik den arme spekkhoggaren «Keiko» vart det i si tid. Ei folkerøysting arrangert av NRK har gjeve kvalen kallenamnet «Hvaldimir». Det kjem avisoppslag når han blir sjuk og når han frisknar til, når han blir krøkt av ein sluk ved eit uhell, når han bergar ein tapt mobiltelefon eller ein svømmefot frå djupet – og når han sym på ryggen med ereksjon.
Smilet hans verkar tilforlateleg. Men kan vi stole på denne kvitkvalen, når han kanskje er ein spesialsoldat trent opp av den russiske marinen? Har denne «Hvaldimir» hoppa av til Vesten for godt, eller er han framleis på oppdrag for russarane? Og er han lært opp til drepe?
Det vi veit, er at kvalen hadde eit seletøy med ein brakett på seg da han søkte seg til ein fiskarbåt i Tufjord i april, og han har sidan halde seg nær folk. Kvitkvalen er openbert tamd av menneske, han er leiken og venleg og trivst godt med å bli mata. At han har russisk bakgrunn, er så godt som sikkert. Logoen på seletøyet som kvalen hadde på seg da han vart oppdaga, røpar at reimane stammar frå ein russisk produsent av friluftsutstyr. Og i fjor viste russisk fjernsyn opptak av ein sel med ein liknande sele på trening hos marinen i Murmansk, med eit kamera montert i braketten.
Russiske styresmakter har på si side avvist at kvitkvalen har noko med marinen å gjere. Den pensjonerte obersten Viktor Baranjets, som skal ha god kjennskap til bruk av sjøpattedyr i den russiske marinen, har skulda nordmenn for paranoia: «Dei ser atomubåtar eller russiske dykkarar i kvar flytande trestokk», sa han til avisa Moskovskij Komsomolets i vår.
Det kan godt vere at dette venlegsinna dyret er heilt uskuldig. Noko militært trugsmål er det neppe. Men at kvitkvalen ved Hammerfest har fått militær opptrening i Russland, verkar sannsynleg. Og soga om den militære bruken av sjøpattedyr er så bisarr at ho er verd å fortelje i lengd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.