JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Den kvite kvalen og den kalde krigen

Historia om kvalen i Hammerfest er av dei søtare episodane i soga om militære sjøpattedyr.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kvitkvalen som dukka opp ved Hammerfest i vår, var utstyrt med eit seletøy som tyder på at han har vore i militær teneste for Russland.

Foto: Jørgen Ree Wiig, Fiskeridirektoratet

12512
20190614
12512
20190614

peranders@dagogtid.no

Lytt til artikkelen

Kvitkvalen som har slått seg til i hamnebassenget i Hammerfest, har blitt kjendis og kjæledyr, slik den arme spekkhoggaren «Keiko» vart det i si tid. Ei folkerøysting arrangert av NRK har gjeve kvalen kallenamnet «Hvaldimir». Det kjem avisoppslag når han blir sjuk og når han frisknar til, når han blir krøkt av ein sluk ved eit uhell, når han bergar ein tapt mobiltelefon eller ein svømmefot frå djupet – og når han sym på ryggen med ereksjon.

Smilet hans verkar tilforlateleg. Men kan vi stole på denne kvitkvalen, når han kanskje er ein spesialsoldat trent opp av den russiske marinen? Har denne «Hvaldimir» hoppa av til Vesten for godt, eller er han framleis på oppdrag for russarane? Og er han lært opp til drepe?

Det vi veit, er at kvalen hadde eit seletøy med ein brakett på seg da han søkte seg til ein fiskarbåt i Tufjord i april, og han har sidan halde seg nær folk. Kvitkvalen er openbert tamd av menneske, han er leiken og venleg og trivst godt med å bli mata. At han har russisk bakgrunn, er så godt som sikkert. Logoen på seletøyet som kvalen hadde på seg da han vart oppdaga, røpar at reimane stammar frå ein russisk produsent av friluftsutstyr. Og i fjor viste russisk fjernsyn opptak av ein sel med ein liknande sele på trening hos marinen i Murmansk, med eit kamera montert i braketten.

Russiske styresmakter har på si side avvist at kvitkvalen har noko med marinen å gjere. Den pensjonerte obersten Viktor Baranjets, som skal ha god kjennskap til bruk av sjøpattedyr i den russiske marinen, har skulda nordmenn for paranoia: «Dei ser atomubåtar eller russiske dykkarar i kvar flytande trestokk», sa han til avisa Moskovskij Komsomolets i vår.

Det kan godt vere at dette venlegsinna dyret er heilt uskuldig. Noko militært trugsmål er det neppe. Men at kvitkvalen ved Hammerfest har fått militær opptrening i Russland, verkar sannsynleg. Og soga om den militære bruken av sjøpattedyr er så bisarr at ho er verd å fortelje i lengd.

Menneske har brukt dyr i krig lenge. Kavaleri har ei fleire tusen år lang historie, kamphundar vart nytta i krig i det gamle Assyria, og Hannibal brukte elefantar mot romarane. Men på 1900-talet nådde den forsvarstekniske kreativiteten nye, perverse høgder: Den sovjetiske hæren brukte hundar med sprengstoff på ryggen som sjølvmordsbombarar mot tyske tanks, og det amerikanske flyvåpenet eksperimenterte med flaggermus med brannbomber innsydde i kroppen: Dyra skulle sleppast ut frå fly over japanske byar, og slå seg til under takskjegget på hus før bombene gjekk av.

Dei to sistnemnde eksperimenta var ikkje vellukka. Både dei sovjetiske hundane og dei amerikanske flaggermysene var tilbøyelege til å levere bombene sine til feil adressat. Sjøpattedyr skulle derimot vise seg å vere mykje nyttigare til militær bruk. Og som så mange andre underlege fenomen i den moderne verda har bruken av kvalar til militære føremål opphav i California.

Den amerikanske marinen starta forskingsprogrammet på sjøpattedyr ved stillehavskysten i 1960. I byrjinga var føremålet avgrensa: Forskarane til US Navy ville studere dei hydrodynamiske eigenskapane til delfinar for å finne ut om noko av anatomien deira kunne gje idear til utforminga av torpedoar eller ubåtar. Men snart endra programmet karakter. Delfinar er lærevillige dyr, dei er raske svømmarar og har ein avansert biologisk sonar som dei kan orientere seg med også i mørkret. Kvifor ikkje bruke dei som agentar, speidarar eller kommandosoldatar under vatnet?

Forskarane til marinen henta noko av inspirasjonen frå John C. Lilly, ein idérik og ganske alternativ vitskapsmann som mellom anna forska på nevrologi, fysikk, sjøpattedyr og effekten av isolasjon på menneskehjernen – og dreiv LSD-studiar med seg sjølv som forsøkskanin. I boka Mennesket og delfinen frå 1962 hevda Lilly at delfinar truleg var meir intelligente enn menneske, og han foreslo å setje dyra i militær teneste: «Dei kan vere villige til å leite etter miner, torpedoar, ubåtar og andre gjenstandar», skreiv Lilly. Han foreslo òg at kvalar kunne nyttast til speidaroppdrag, vakthald og patruljeteneste under vatnet. Og det var nett slike føremål som etter kvart vart sentrale i sjøpattedyrprogrammet til marinen.

Nett slik Lilly hadde foreslege, vart delfinane trente til å spore opp torpedoar og anna militært utstyr som var tapt på havbotnen. Tannkvalar er ikkje berre intelligente, dei har òg ein innebygd sonar som er langt meir raffinert enn instrumenta vi menneske lagar. Dei kan orientere seg i bekmørker ved hjelp av ekko, og kan til og med spore opp gjenstandar som er nedgravne i mudder.

US Navy nøgde seg ikkje med å teste fleire ulike delfinartar. Det vart òg gjort forsøk på å lære opp sjøløver og selar, spekkhoggarar og grindkvalar. Spekkhoggarar skal ha vore rekna som for upålitelege til å handtere torpedoar, men ein grindkval skal ha klart å finne og berge ein torpedo nede på 550 meters djup. Forskarane prøvde til og med å setje sjøfuglar og haiar i militær opplæring – dette rett nok utan særleg hell. Det er òg verdt å merke seg at amerikanarane nytta kvitkvalar i programmet sitt. Sidan dette er ein art frå Arktis som mellom anna er å finne i Barentshavet, Hudsonbukta og Beringhavet, var kvitkvalane betre eigna for bruk i kalde farvatn enn dei meir varmekjære delfinane.

Ifølgje forfattaren Joshua Horwitz var rivalisering eit motiv for sjødyrsatsinga til US Navy i 60-åra. Flyvåpenet fekk store ressursar på grunn av bidraga sine til romfartsprogrammet til NASA. For å få meir merksemd og pengar utvikla marinen «Sealab», eit stort laboratorium på havbotnen som skulle vere bemanna med «akvanautar», og spesialtrente delfinar skulle frakte ned utstyr. Sealab-prosjektet vart ingen stor suksess, og vart nedlagt i 1969. Men det vart slett ikkje slutten på den militære bruken av sjøpattedyr. For på denne tida vart delfinane truleg brukte i krig for første gong.

Dette skjedde ifølgje journalisten David Morrison ved marinebasen ved Cam Ranh i Vietnam i 1970. Krigsskipa som låg for anker der, var utsette for åtak frå nordvietnamesiske dykkarar som svømte inn og plasserte eksplosiv på skutesidene i nattemørkeret. Der skal US Navy ha sett inn delfinar som vakter: Kvalane vart nytta til å spore opp dykkarane i mørkret, og markere kor soldatane var, slik at amerikanske patruljar kunne fange eller drepe dei. Men fleire kjelder hevdar at delfinane vart nytta til meir enn å varsle om fiendar i vatnet.

Sjøpattedyrprogrammet til marinen var hemmelegstempla heilt fram til 1992, og det førte til mange spekulasjonar om kva dyra eigentleg vart brukte til. I USA mistenkte mange at delfinar og sjøløver vart trente opp til kamikazeåtak. Den amerikanske marinen har heile tida avvist at dyra vart opplærte til å drepe. Men fleire kjelder frå innsida har ei anna historie.

I 1990 fortalde fleire tidlegare delfintrenarar til The New York Times at delfinar vart trente opp til å gå til åtak på fiendtlege dykkarar. Delfinane skulle drepe dykkarane ved hjelp av ei pistolliknande innretning montert på snuten. Andre tidlegare marinesoldatar har hevda at delfinane òg kunne drepe dykkarar ved hjelp av ein kanyle som skulle injisere ei dødeleg gassboble i blodet deira.

Kva som er sant her, er vanskeleg å seie. Det er derimot heva over tvil at delfinar har blitt nytta i krig også seinare: Under Irak-invasjonen i 2003 vart delfinar sette i teneste for å spore opp miner ved den irakiske hamnebyen Umm Qasr. Delfinar og sjøløver har òg blitt nytta til vakthald ved fleire amerikanske marinebasar, og sjøpattedyrprogrammet går framleis sin gang i San Diego.

Men no er det nok om marinedyra til USA. Kva med russarane?

Sovjetisk etterretning vart tidleg interessert i sjøpattedyrprogrammet til USA. Under den kalde krigen var det viktig å ikkje kome på etterskot på noko felt, og Sovjetunionen skal ha starta sitt eige delfinprogram ved ein marinebase ved Sevastopol på Krim-halvøya kring 1965. Ifølgje ein rapport frå CIA var det lite framgang i starten. Dei fleste delfinane døydde raskt i fangenskap, og treninga av dei overlevande dyra gjekk tregt. Dei sovjetiske trenarane skal ha brukt dei relativt enkle læringsteoriane frå den russiske forskaren Ivan Pavlov, medan dei amerikanske trenarane nytta den meir avanserte modellen til psykologen B.F. Skinner. I tillegg skal trenarane i Sevastopol ha vore noko for ivrige til å bruke straff i opplæringa, ifølgje CIA.

Etter kvart hyra marinen inn dyretrenarar med sirkusbakgrunn, og det sovjetiske sjøpattedyrprogrammet skal ha ha teke seg opp i 1970-åra. I alle fall har russiske kjelder fortalt BBC at delfinane vart lærte opp til å stikke fiendtlege dykkarar ved hjelp av ein kniv festa på ryggen, og dei var i stand til å plassere miner på skipssider. Det har òg blitt sagt at dei kunne skilje mellom propellyden frå sovjetiske og fiendtlege krigsskip, så dei visste kva skip dei skulle gå til åtak på. Om dette er skryt eller sanning, er uvisst. Men det verkar truleg at også den sovjetiske marinen mest trente opp dyra til vaktteneste ved militære installasjonar. Og sidan nordflåten var strategisk viktigare enn svartehavsflåten, er det ikkje rart at det kom eit nytt militært senter for sjøpattedyrstudiar utanfor Murmansk i 1984.

Da Sovjetunionen gjekk i oppløysing, vart Krimhalvøya og Sevastopol ein del av staten Ukraina, og det var ikkje lenger interesse for militæropplæring av sjøpattedyr. Ei tid vart dyra haldne i eit delfinarium der dei vart viste fram til turistar eller brukte til terapeutiske føremål. Men dette kasta lite av seg, og det kostar pengar å ta vare på slike dyr. I 2000 fortalde BBC at dei sovjetiske marinedelfinane i Sevastopol – og ein dressert kvitkval – var selde til Iran. Trenaren Boris Zjurid, som hadde ansvar for dyra, skal ha slått følgje med kvalane sine, og forklarte salet med at han ikkje hadde samvit til å late dyra vere i Ukraina lenger, der han mangla pengar til både mat og medisinar. «Eg vil dra til Allah eller til og med djevelen, så lenge dyra mine har det bra der», skal han ha uttalt.

Kva dyra seinare vart brukte til i Iran, er ikkje kjent.

Sidan dei militære sjøpattedyrprogramma var barn av den kalde krigen, er det ikkje overraskande at den russiske marinen no trenar opp kvalar og sjøløver att. Og no har russarane attpåtil teke attende kontrollen over Krimhalvøya. I 2016 annonserte det russiske forsvarsdepartementet eit ønske om å kjøpe fem delfinar «med perfekte tenner og utan fysiske skadar», og det skal igjen gå føre seg militær opplæring av sjøpattedyr i Sevastopol.

Og i 2017 opplyste Zvezda, tv-stasjonen til det russiske forsvarsdepartementet at den russiske marinen hadde hyra eit privat forskingsinstitutt til å trene kvitkvalar og selar til militær bruk i havet i nord. Dyra skulle brukast til å vakte marinebasar og «om naudsynt drepe alle inntrengarar».

Satellittbilete som vart publiserte i fleire norske og utanlandske aviser i mai, kan òg ha gjeve ein peikepinn om kvar «Hvaldimir» har rømt frå. Fotografia syner store merdar ved den russiske ubåtbasen i Olenja-bukta på Kolahalvøya, kring 120 kilometer aust for Grense Jakobselv. På eitt av bileta er det mogleg å sjå noko som kan vere ein kvitkval inne i ein av merdane.

Men kva fortel alt dette om kva ein kan vente seg av dyret som har blitt kjæledeggen til Hammerfest? Truleg ikkje så mykje. «Hvaldimir» kjem neppe til å dra til Murmansk og rapportere om militære løyndomar i Noreg, og ingenting tyder på at han planlegg å myrde nokon. Spørsmålet er om denne kvalen nokon gong kjem til å bli i stand til å leve som eit vilt dyr igjen, etter eit liv som etterretningsagent eller hamnevakt. Det ser ikkje ut til at han er i stand til – eller ønskjer – å skaffe seg mat sjølv.

Militær bruk av dyr endar sjeldan særleg lukkeleg for dyra, men «Hvaldimir» er heldigare enn dei fleste i sitt slag. Under den kalde krigen vart avhopparar som regel godt mottekne der dei kom, og no liknar situasjonen ved nordflanken til Nato sørgjeleg mykje på den kalde krigen att. Kvitkvalen kjem til å få all den fisken han treng.

Kjelder: Joshua Horwitz: War of the Whales:
A True Story

Artiklar frå mellom anna The New York Times, BBC, The Guardian, The Conversation og Barents Observer.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tidlegare marinesoldatar har hevda at delfinane kunne drepe dykkarar ved hjelp av ein kanyle som skulle injisere ei dødeleg gassboble i blodet deira.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis