Den kvasse eggenPå toppen av Bømlo fann menneska eit råstoff som gav makt over dyra og verda.Per Anders Todal
På toppen av Bømlo fann menneska eit råstoff som gav makt over dyra og verda.
Utsynet frå toppen av Siggjo er òg eit utsyn over den eldste norske historia.
Foto: Per Anders Todal
Fritidsbåten til Einar Eidesvik brukar ikkje mange minutta på vegen inn frå Hespriholmen til Bømlo, men det kjennest likevel som ei reise gjennom ei umåteleg lang soge. «Hele landsdelen virker som en fortelling om fedrelandets historie», skreiv arkeologen Haakon Shetelig om Hordaland, og ingen stad fann han meir grøderikt historisk jordsmon enn på Bømlo. Men mykje av denne store forteljinga er framleis ukjend, og dei eldste kapitla finst attpåtil i ulike versjonar.
Arkeologar imellom går det ein debatt som kan oppsummerast som rein mot sel: Somme meiner at det var reinen som drog dei første menneska inn i Noreg, og at dei i hovudsak heldt fram reinjegerlivet frå kontinentet. Andre held på at desse folka braut med fortida si og starta eit nytt liv som seljegerar, og berre dreiv sesongjakt etter reinen i fjellet som ei attåtnæring.
Eg har valt å tru på seltilhengarane. Det kan nok hengje saman med at eg er svært tilbøyeleg til å sjå på Noreg frå sjøsida. Men eg har òg late meg overtyde av det enkle faktumet at dei aller fleste funna frå eldre steinalder i Noreg er langt ute i skjergarden, og der fanst det ikkje rein i steinalderen heller. Lekmannskonklusjonen min er at dei første menneska i Noreg truleg levde det meste av livet som seljegerar, i eit tilvære på stadig reise frå teltplass til teltplass.
Eit liv på flyttefot
Båtane deira var mest truleg skinnbåtar, forsterka med eit indre skjelett av tre eller bein. Stokkebåtar kunne det neppe ha vore. Slike båtar kantrar lett, og ville vere livsfarlege i bårene i den ytste skjergarden. Dessutan kom dei første menneska til denne kysten før landet vart skogkledd. Truleg fanst det berre pistrete bjørketre her nord på denne tida, og slike lagar ein ikkje stokkebåtar av. Kanskje gjev umiaken, «konebåten» som vart brukt av inuittane til familieforflytting, ein peikepinn om farkostane i eldre steinalder. Dette er skinnbåtar som kan vere over ti meter lange og ha ei lasteevne på fleire tonn. Dei få helleristingane som er funne av båtar frå eldre steinalder i Noreg, er slåande like umiakane frå Grønland i profilen. Dei mobile tilværa til pionerane på norskekysten tilseier at dei må ha hatt båtar som kunne romme heile husstandar, med telt og alt dei trong av reiskap.
Ein slik levemåte gjev meining når ein tenkjer på kva slag natur dette folket kom til. Det meste av innlandet var framleis dekt av isen, og også kysten var svært ulik den vi kjenner. Det nakne landskapet og det sparsame dyrelivet likna truleg meir på dagens Svalbard enn på det vi kjenner frå den tempererte norskekysten av i dag. Selane dei første menneska jakta på, kan ha vore steinkobben og haverten som lever i skjergarden no, men òg meir kuldekjære artar som grønlandssel, kvalross og storkobbe. Det er òg fullt mogleg at menneska på veg nordover støytte på isbjørn, i så fall ein formidabel motstandar for eit folk med spyd og pil og boge som våpen. I 1976 vart eit isbjørnskjelett oppdaga under kjellargolvet til ein familie på Finnøy i Rogaland, og dateringa tyder på at denne store isbjørnhannen hadde levd berre litt før menneska kom roande nordover norskekysten. Finnøy-bjørnen var neppe den siste av sitt slag på fastlandet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.