Den heilage månaden

I VM-historia er Sverige mellom dei fremste fotballnasjonane, langt større enn England, som dei møter i morgon, og med fleire sluttspel enn resten av Norden til saman.

Forsvarsklippen Andreas Granqvist er kaptein på det svenske landslaget. Han spelar i russiske FS Krasnodar, men er frå 15. juli, finaledagen, klar for ein svensk klubb.
Forsvarsklippen Andreas Granqvist er kaptein på det svenske landslaget. Han spelar i russiske FS Krasnodar, men er frå 15. juli, finaledagen, klar for ein svensk klubb. Forsvarsklippen Andreas Granqvist er kaptein på det svenske landslaget. Han spelar i russiske FS Krasnodar, men er frå 15. juli, finaledagen, klar for ein svensk klubb.
Publisert

Mindre enn to månader før eit uvanleg ope og spanande riksdagsval i Sverige er det lite som kan konkurrere med politiske spørsmål i tevlinga om dei største overskriftene i svenske blad. Medan det verkar som skyteepisodar har vorte nærast daglegdagse, er det Almedalsveckan berre ein gang i året – i førre veke. Det einaste i det svenske nyhendebiletet som no hamlar opp med valkampen, er VM-kampane til det svenske landslaget.

Norden

Dei andre nordiske landa er ute av VM. Finland, Noreg og Færøyane forsvann frå meisterskapen alt før han byrja, i kvalifiseringa. Island tok berre eitt av ni poeng i gruppespelet i juni. Sundag rauk Danmark ut på bitraste og uslaste vis i ein åttedelsfinale. Då tre mangemillionærar gjorde skam på seg, hjelpte det ikkje at målvakta Kasper Schmeichel overgjekk far sin ved å berga tre kroatiske straffespark på få minutt.

Med berre Sverige att av dei nordiske landa står Norden no samla, nett som i den meir nordiske enn nasjonale nasjonalsongen som dei svenske spelarane står på grasmatta og syng for 50.000 tilhøyrarar før kvar kamp:

Du tronar på minnen

från fornstora da’r

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement