Den heilage månaden

Kvifor er Europa framleis beste verdsdel i VM, med ti av 16 landslag i åttedelsfinalane? Det brutale svaret kjem når ein bryt tala ned på høvesvis Vest- og Aust-Europa.

Panamanarane jubla for 1–6-reduseringa mot England som om dei tok leiinga, men me unner dei å feira sigrar òg, ikkje berre deira fyrste VM-mål.
Panamanarane jubla for 1–6-reduseringa mot England som om dei tok leiinga, men me unner dei å feira sigrar òg, ikkje berre deira fyrste VM-mål.
Publisert

Før Polen–Colombia-oppgjeret sundag kveld avslutta andre runde i gruppespelet, midtvegs i meisterskapen, som kamp nummer 32 av 64, hadde dei europeiske landslaga spela 21 kampar mot ikkje-europeiske lag – og tapt berre to av dei, med ein poenghaust på svimlande 80 prosent. Alle dei fjorten europeiske laga var då framleis med i kampen om dei seksten plassane i åttedelsfinalane som byrjar i morgon.

Det ville ha vore i meste laget. Me vert gripne når panamanarane jublar for 1–6-reduseringa mot England som om dei har teke leiinga, men me unner dei å feira sigrar òg, ikkje berre det fyrste VM-målet deira. Kvifor held europeiske landslag fram med å dominera ein idrett som vert meir og meir globalt utbreidd?

Naturleg variasjon?

Kjem ein poenghaust på opp mot 80 prosent som ein naturleg variasjon frå eitt VM til eit anna eller som del av ein større tendens?

Fram med reknearka. Dei 836 kampane i dei føregåande tjue meisterskapane vert lagde inn – og jau, tala i Russland er nokså eineståande. Europa har berre to gonger tidlegare hatt ein prosentvis høgare poenghaust midtvegs i gruppespelet, i 1934 og i 1974, to meisterskapar på europeisk jord med europeiske lag i reint fleirtal. I 1934 var Egypt, USA, Argentina og Brasil einaste lag frå andre verdsdelar.

Men sjølv om me reknar med desse to meisterskapane, ligg snittet for den europeiske poenghausten i gruppespelet gjennom tjue VM på 60 prosent. Kvifor ei auke mot 80 no?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement