Reportasje
¿ Den grå byen
Det er støv overalt. Men mellom skiten snø og triste blokker finst bygningar i dei mest oppsiktsvekkande fargar. Og heim er heim same kva.
Minnesmerket over andre verdskrigen, Aljosjastatuen, står vendt mot vest.
Alle foto: Ole Horvli
Lytt til artikkelen:
Det finst byar ein veit ein må tilbake til. Berlin er ein av dei, for min del. Så finst det byar ein godt kunne tenkje seg. Lisboa, til dømes. Murmansk, derimot, nei takk. Helst ikkje.
Det kan sjølvsagt vere fordi eg var så forkjølt då eg var der. Det kan vere fordi eg visste at dotter mi skulle vere igjen når vi andre skulle heim. Eller fordi eg hadde ei bok å skrive ferdig og grudde meg til at den snaue frie tida blei avløyst av stress og høge skuldrer.
Men det kan også vere fordi Murmansk må vere den mest støvete plassen eg nokon gong har sett. Det er skite overalt, nedslitne bygningar, gjerde som heng og sleng, Lufta er tung av asfaltstøv og diesel og sikkert noko mykje verre frå industrien vi høyrer klankinga av der vi står i vegkanten. Bilane er så støvete at ein ikkje kan sjå nummerskilta. Kvifor treng ein no det, og kvifor står vi i vegkanten, kan ein tenkje, men det treng ein, og det må ein, for dei dagane vi er der, fartar vi fram og attende med delingsøkonomitenesta Yandex-taxi heile tida. Då treng vi faktisk å sjå nummeret for å vite kva bil som er vår, viss vi ikkje er så innlesne på bilmerke at vi kan skilje ut ein Renault XX eller Peugot YY på framlysa som stirer mot oss der vi står. Sjølv duene er stygge, og eg har aldri sett så mykje hundelort i mitt liv. Det ligg i haugar og klumpar og klattar og dungar på den gråe og skitne – ja, svarte, det er inga overdriving, dei ligg på den bokstavleg tala kolsvarte snøen. Dei må verkeleg vere glade i hundar, dei som bur her. Men lite glade i hundedrit.
Det er ikkje vi heller. Vi er på veg til internatet der dotter mi bur, og dilemmaet er om ein skal la vere å sjå ned, for å unngå synet, men då risikere å trakke i driten.
Vi tar sjansen. For innimellom er husa måla i dei gildaste fargar – rosa, gult, grønt og turkis – det er ikkje vanskeleg å førestille seg at dei lyser opp i den lange mørketida innbyggarane må gjennom kvart einaste år.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.