Reportasje
¿ Den gode skilsmissa
Mot alle planar hamnar eg i Fucking Åmål. Streiffs vegar er uransaklege.
Fläskkorv på Mickans Grill. Til saman har eg lagt igjen 59 kroner i Åmål, og alt takka vere filmen frå 1998.
Lytt til artikkelen:
Øøøø-øøøø-øøøø.
Nokon rautar i det fjerne, og eg er på veg ut i dette underlege uvitet, og som oftast er denne stunda så flyktig at eg ikkje klarer å gripe henne, men nokre få gonger, som no, er eg i dette skjøre intermessoet mellom søvn og medvit, eit skimt av fredfull velvære der eg ikkje veit kven eg er, og langt mindre kor eg er, eg berre er, men no – øøøø-ØØØØ-ØØØØ – no dreg den rautande alarmen meg ut av natta, ut av draumane, hjernen kveiknar, og det demrar at eg er jo MEG, og EG er i Sverige, i Karlstad, i ei seng på Stadshotellet, og når fyrst dei tinga er komne på plass, slår eg auga opp og alarmen av, og i same sekund trengjer ei skånsellaus erkjenning inn:
Eg har ikkje tid å ligge her!
Eg kastar dyna til sides og spring opp, kva er klokka, fem på åtte, herregud, når går bussen, kvart på ti, skit, eg må skunde meg, jo, det er nær to timar til, men eg har ting å gjere: dusje, ete, pakke, og eg ligg langt etter oppsett reiseplan. I går køyrde eg berre 45 kilometer før Streiff punkterte, og hadde Streiff no vore her, i Karlstad, ville det ikkje vore grunn til hastverk, for då hadde eg lege på skjemaet, ja, føre skjemaet, men Streiff er ikkje her, han står på ein verkstad i Grums med flatt bakdekk, og dit ned er det tre mil med buss, og når eg er komen til Grums, skal dette nye dekket leggjast på, og gud veit kor lang tid det tek, og deretter må eg køyre Streiff heile vegen tilbake til Karlstad, og kor mykje vil klokka då vere? Eitt? To? Halv tre?! Kvifor sette eg ikkje alarmen på sju? Fordi eg plar vakne lenge før alarmen, alltid, klokka seks eller sju, men ikkje i dag, altså, og i dag som eg har planlagt å køyre heilt til Mariestad, og dit er det er over tolv mil, pluss dei tre mila frå Grums til Karlstad, til saman femten mil, og undervegs skal eg stanse i Kristinehamn for å sjå på ein statue Pablo Picasso. Eg kjenner stresset byggje seg opp, og stress er eg dårleg på, eg begynner alltid å virra, og no virrar eg ut på den vesle terrassen i tredje etasje, sola gneistar, og eg kjenner på kleda som eg skylde opp i handvasken i går kveld, dei er våte og kalde, men eg triv dei med meg og kastar eit blikk ut over byen som forfattaren Henrik Lilljebjörn meinte var «bland de vackraste städer man kan se! Den vore värd att vara Skandinaviens huvudstad». Vel, mykje har skjedd sidan Karlstad blei bygd opp att etter bybrannen i 1865, og ikkje alt er av det gode. Pokker! Eg kjem på at eg må rekke å ta eit nytt bilete av Sveriges styggaste statue, men fyrst er det frukost. Frukost må eg ha. Alltid.
Hamnebyen Karlstad er kalla opp etter den lunefulle og omsynslause Karl IX, og han var son til Gustav Vasa og far til Gustav II Adolf, to gigantar i svensk historie. Sjølv er han blitt stempla som Sveriges störste kunglige psykopat, ikkje mine ord, og står på ei himmelhøg søyle ved Klarälvens bredd med inskripsjonen «Urbem condidit 1584» – «Han grunnla 1584».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.