Den første bestseljaren Luther-bibelen var eit einmannsverk som mange stod bak, og masseproduksjon av bibelskrifter gjorde reformasjonen mogleg.
Luther-bibelen var eit einmannsverk som mange stod bak, og masseproduksjon av bibelskrifter gjorde reformasjonen mogleg.
Luther-Bibelen frå 1534 var på over 1800 sider, og kom i seks delar. Dette kunstferdig tillaga eksemplaret blei vist fram i Frankfurt (Oder) ein dag i oktober 2016.Luther-Bibelen frå 1534 var på over 1800 sider, og kom i seks delar. Dette kunstferdig tillaga eksemplaret blei vist fram i Frankfurt (Oder) ein dag i oktober 2016.
Foto: Patrick Pleul / Picture-alliance, ZBFoto: Patrick Pleul / Picture-alliance, ZB
Forfattaren Martin Luther var ein suksess lenge før han måtte flykte. På bokmessa i Frankfurt i 1520 selde ingen skrifter betre enn hans. Det gav han makt og mynde.
Då han sette om Det nye testamentet vinteren 1521, var han ingen pioner i faget. Så mykje som 72 omsetjingar til tysk av heile eller delar av Bibelen låg alt føre. Det skjedde helst anonymt, for det å omsetje Bibelen var farefull ferd.
Verst gjekk det med William Tyndale. Etter 1409 hadde det vore forbode å omsetje Bibelen til engelsk. Likevel sat Tyndale i Worms og omsette Det nye testamentet til engelsk i 1526. Makta svara med flammar, og brende heile opplaget i London, der St. Paul-katedralen no ligg. Tyndale sette i gang på ny i Antwerpen, no med delar av Det gamle testamentet. På ny blei han arrestert, for siste gong. Tyndales siste ord før han blei kvelt og brend 6. oktober 1536 skal ha vore: «Oh Lord, open the King of England’s eyes.»
I England blei ein bibelomsetjar avretta. I Sachsen sat ein fredlaus og bannlyst kjettar og omsette Guds ord i løynd. I førsteopplaget av Nytestamentet stod det ikkje kven boktrykkaren var, og Luthers namn kom først til syne i det åttande opplaget i Wittenberg tre år seinare.
I tillegg til dei bibelomsetjingane som alt fanst, bygde han på den latinske omsetjinga i Vulgata-bibelen og den greske grunnteksten. Vel ferdig med Det nye testamentet gjekk han laus på Det gamle. Det var ikkje noko han gjorde åleine. Luther samla ein flokk av dei beste rundt seg: professor i gresk Philipp Melanchthon, professor i hebraisk Johann Forster saman med Bernhard Ziegler og Matthäus Aurogallus, latin-ekspert Johannes Bugenhagen, filosofen Nikolaus von Amsdorf, presten Georg Rörer, dessutan Justus Jonas og Kaspar Kruziger.
Dei var ti i talet, Luther stolte på dei alle, og dei brukte tolv år. Den 4. oktober 1534 låg Biblia føre, i rett tid til hausttakkefesten, og – like viktig – til bokmessa i Leipzig. Luther var kremmar nok til å vite å utnytte den trykketeknologien Johann von Gutenberg hadde etablert få tiår tidlegare. Billige var bøkene ikkje. Sidene var mange, Bibelen kosta flesk. Prisen svara til to og ei halv ku, eller ein okse med vogn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.