Historie
Den botnlause krigen
Den 3. juli var det 300 år sidan den lengste krigen i Noreg var over. Forferdelege skjebnar låg tilbake, kvar tiande nordmann strauk med, men i dag er krigen nærmast gløymd.
Karolinarmonumentet i Duved vart reist i 1892 til minne om felttoget mot Noreg i 1718 og dei om lag 3000 svenske karolinarane som vart att på fjellet.
Illustrasjon: Wikimedia Commons
Dyreblodet flyt utover tuna på gardane i nedre Stjørdal ein novembermorgon i 1718. Gjennom natta har svenske soldatar slakta ned heile buskapane. Gardsfolk og ungar har prøvd å døyva dyreskrika ved å halda seg for øyra. No står dei ribba tilbake for vinterforråd, her som elles i dei trønderske flatbygdene. Heile hausten har karolinarane, Karl 12.s soldatar, herja og plyndra. Kornavlingane låg allereie flate og grøne av regnet, karolinarane tek resten. Gardar vert vandaliserte og brende ned, få dyr er igjen. Etter soldatane følger epidemiane. 6000 ligg døde tilbake.
Karolinarane lid samtidig sjølv, av matmangel, frost og sjukdom. Det er andre gong svenskane set seg fast i Noreg og går tom for forsyningar. To månadar seinare må dei bryta opp og marsjera over Tydalsfjella. Over 3000 frys i hel i den såkalla dødsmarsjen frå 12. til 14. januar.
Dette er likevel berre eit toppunkt på tjue år med nordeuropeisk dødeleg ferd, der fleire hundre tusen strauk med i eit fyrsteleg spel om makta ved Austersjøen. For nordmenn vara andre del av den store nordiske krigen frå 1709–1720, den lengste krigen Noreg har utkjempa – og truleg den verste.
Den 3. juli 1720 vart den svensk-danske fredsavtalen underteikna på Frederiksborg. Det var likevel tragedien i Tydalsfjella som vart merkedag i Danmark-Noreg i tiåra etterpå. Først vurderte staten å feira 11. desember, dagen då Karl 12. fall – svenskekongen som i gloriøse triumfar heldt på å erobra heile Nord-Europa, men som til slutt skusla bort svensk stormakt og møtte døden i ei simpel børsekule i gjørma ved Fredriksten festning. Men valet ville provosert svenskane. I ei tid då fotfolket vart unnt lite ære, var det langt meir diplomatisk å velja mannefallet i snødrevet som jubeldag.
Maktbalanse
Den store nordiske krigen var ein logisk konsekvens av Westfalen-systemet etter trettiårskrigen. Land fann ikkje lenger saman etter religiøse skiljeliner, men danna stadig nye samband for å halda kvarandre i sjakk. Med alliansar på plass gjekk ein så til 1700-talsforma av preemptive strike, åtak for å hindra at motparten ekspanderte. Slik skapte systemet heller stadig nye krigar enn fred, men òg maktbalanse, som hindra store grenseendringar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.