Dei unge i sentrumDet unge franske vertskapet mitt var godt nøgd med . Hjå dei endå yngre veljarane er han ikkje fyrstevalet.
Det unge franske vertskapet mitt var godt nøgd med Macron-siger. Hjå dei endå yngre veljarane er han ikkje fyrsteval.
Aurélia Lassaque og Julian Bethencourt framom huset. ?
Foto: Håvard Rem
Eg fylgjer dei franske valsendingane på landsbygda utanfor Toulouse sørvest i landet, heime hjå eit par som i oppveksten hadde landsfaderlege François Mitterand som president. No har lyrikaren Aurélia Lassaque og filosofen Julien Bethencourt passert 30 år.
Før dei vart fødde, i 1981, budde eg på ei øy i Provence, der eg følgde valsendingane i landsbyen Heliopolios. Den sitjande presidenten, konservative Valéry Giscard d’Estaing, tapte for François Mitterand som med det vart den fyrste sosialistiske presidenten i Frankrikes femte republikk. Det var han i heile 14 år.
EIN DÅRLEG FILM
Som unge vaksne har Aurélia Lassaque og Julien Bethencourt busett seg langt ute på landsbygda, i eit hus frå 1700-talet, men dei arbeider nasjonalt og internasjonalt. Lassaque har det siste året delteke på litteratur- og poesifestivalar i Polen, Honduras, Italia, Serbia, Litauen, Makedonia, Irland, Elfenbeinskysten og Skottland, og vore invitert til endå fleire. Den førre diktsamlinga hennar, Pour que chantent les salamandres (For å la salamanderen synge, 2015), som kom på fransk for fire år sidan, er no omsett og utgjeven på engelsk, nederlandsk, hebraisk og norsk. No i mai kjem ei ny samling, En quête d’un visage (Å søkja eit andlet), som vert lansert i riksdekkjande radio- og fjernsynskanalar i Frankrike.
Etter lanseringa dreg Lassaque til Piemonte i Italia. Der ligg hovudkontoret til ein minoritetsspråkleg organisasjon, Chambre d’Òc, der ho er med i leiinga. Bøkene hennar er tospråklege. Ho skriv på fransk og oksitansk, eit truga språk som har vorte utbreidd frå Spania i vest til Italia i aust, gjennom store deler av Sør-Frankrike.
Det unge paret har hestar i stallen, men ikkje fjernsyn i huset. Sist dei skipa til fjernsynskveld i stova, var under presidentvalet for fem år sidan, då det stod mellom den sitjande presidenten Nikolas Sarkozy og sosialisten François Hollande. Når dei gjer det same no, vert det som ein tradisjon: Opp med projektoren og ned med lerretet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.