Dei som gjev håp

Rama Jama gjer det mange ikkje torer, ho følgjer draumen sin.

Publisert

Kvinnekampen i minoritetsmiljøa er i gang. Det er mellom anna fleire unge jenter og kvinner som tek høgare utdanning, fleire seier det er viktig å ha kunnskap. Den yngre generasjonen jenter som er fødde og har vakse opp i Noreg, er opptekne av utdanning og arbeid. Det er ein kamp om frigjering når unge kvinner tek eit oppgjer med den patriarkalske kulturen.

Mange unge jenter med minoritetsbakgrunn gjev uttrykk for at dei ikkje har fridom og opplever mykje negativ sosial kontroll. Det er jenter som opplever seksuell trakassering dei ikkje torer å fortelja om heime – dei er redde for at foreldra skal bli sinte eller kontrollere dei endå meir. Ofte lever desse jentene i heimar med foreldre som ikkje er så godt integrerte. Mange av jentene har vakse opp i heimar med mange sysken og ei mor, men utan ein far.

Treng førebilete

Desse jentene treng kvinnelege førebilete som frigjer seg. Kvinner som står på eigne bein, kvinner som ikkje er opptekne av kva det patriarkalske miljøet eller religiøse leiarar meiner om dei. Jenter som har mødrer som er godt integrerte, som er utdanna og i arbeid, har ofte ein heilt annan kvardag enn jenter med mødrer som veit lite eller ingenting om samfunnet dei lever i.

Altfor mange mødrer har lite tru på seg sjølv. Dei slit med dårleg økonomi, mange born og lite hjelp frå barnefaren.

Kvinnelige førebilete er spesielt viktige for unge minoritetsjenter og kvinner som ikkje er integrerte. Dersom vi skal hjelpa ungdommen, må vi også hjelpa mødrene. Dersom ein klarer å integrera ei mor, er meir enn halvparten av familien integrert, fordi det er mødrene som har omsorga for borna.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement