Dei gode fotsoldatane
Vil Magnus Carlsen møta seg sjølv i døra? Han freistar lukka i ei open kvalifiseringsturnering som er ein del av VM-syklusen der ein kårar den neste utfordraren.
Magnus Carlsen likar seg mellom dei nest beste, spelarar han ikkje møter i dei vanlege eliteturneringane.
Foto: Chess.com/Maria Emelianova
Magnus Carlsen likar seg mellom dei nest beste, spelarar han ikkje møter i dei vanlege eliteturneringane.
Foto: Chess.com/Maria Emelianova
Når verdsmeisteren møter sjakkens fotsoldatar* på den britiske øya Isle of Man, er motstanden ganske føreseieleg. Alle dei seks fyrste motstandarane har vore trygt plasserte mellom 2600 og 2700 i rating; alle ville ha vore rangerte som nummer to i Noreg (men i hard konkurranse med Jon Ludvig Hammer og Aryan Tari). I ei vanleg open turnering finst det éin eller to slike, om arrangøren er heldig. På Isle of Man finst det 100.
Det gjer turneringa til den sterkaste i sitt slag. Carlsen sjølv meiner det er absurd at han er på plass. «Eg burde ikkje ha fått lov til dette, men eg er utan moral», sa han før start. Gulrota til vinnaren er nemleg ein plass i kandidatturneringa i mars neste år, der åtte spelarar skal kjempa om å få utfordra verdsmeisteren i ein VM-kamp.
Carlsen likar tanken på å slå dei nest beste, spelarar han ikkje møter i dei vanlege eliteturneringane. Så kven er dei? Og kor gode er dei? Dei finst i tre kategoriar.
Dei anonyme
I fyrste runde spela Carlsen kvit mot ein ukrainar som nesten ingen har høyrt om, Jurij Kuzubov (29), frå den same 1990-årgangen som Carlsen. Men så skjer det som ofte skjer med verdsmeisteren i slike høve: Han spelar snøgt og slurvete. Stillinga til Carlsen vert kritisk; det går mot tap. Men ukrainaren rotar fyrst bort sigeren, så rotar han bort remisen – og så taper han til slutt på tid.
Den neste «anonyme» motstandaren til Carlsen, var indaren Surya Ganguly (36) i runde 5. Carlsen hugsa godt at han hadde slått denne stormeisteren alt i 2004, 13 år gamal. «Då må eg vel kunna gjera det no òg», tenkte verdsmeisteren. Partiet vert komplisert, og nordmannen reknar best 15 år etter òg:
Carlsen–Ganguly. Kvit spelar bonden to steg fram til b4 og vinn ein offiser av di tårnet må verja springaren på e5. Det morosame for sjakknerdane er at svart ikkje kan slå b4-bonden med en passant av di dronninga på b5 står i diagonalen til den kvite lauparen på e2.
Dei unge lovande
Unge austeuropearar på dette nivået er farlege. Carlsen gjekk offensivt ut med svart mot russaren Aleksej Sarana (19) i runde 2, men måtte til slutt spela presist for å berga ein remis. Langt verre var svartpartiet mot kviterussaren Vladislav Kovalev (25) i runde 4. Carlsen spela altfor snøgt og hadde éin time meir på klokka då motstandaren lyfte handa mot det venstre hjørnet:
Kovalev–Carlsen. I midtspelet.
Handa gjekk attende til bordet, og kviterussaren tenkte vidare. Med eitt skjøna verdsmeisteren kva som stod på spel. I ei stilling han trudde var lovande for svart, er partiet objektivt sett tapt for nordmannen om det kvite tårnet går frå a1 til e1. Deretter vil kvit opna opp i sentrum med bonden frå f2 til f4. Ein må vera ein sterk stormeister for å skjøna dette, men Kovalev er ein slik. Etter å ha kontrollrekna variantane lyfte kviterussaren handa på ny og flytte tårnet til e1. «For ein idiot eg er», tenkte Carlsen. Så skal det seiast at Carlsen likevel berga remis. Det var eit sjakkfagleg mirakel, men kan henda er det ikkje berre slump at det var verdsmeisteren som nok ein gong hadde sjakkgudane på si side.
Dei gamle gode
Carlsen spela òg remis mot FIDE-verdsmeisteren frå 2004, usbekaren Rustam Kasimdzjanov (39), no trenar for Fabiano Caruana. Betre gjekk det med kvit mot latvisk-russisk-spanske Aleksej Sjirov (47), den legendariske åtaksspelaren som kvalifiserte seg til VM-kamp mot Garri Kasparov i 2000. Kasparov braut spelereglane den gongen og valde seg Kramnik som motstandar. Sjirov vart ein bitter mann og byrja eit nomadeliv der han skifte statsborgarskap og kone med jamne mellomrom.
Carlsen skjerpa seg og spela det beste partiet sitt i turneringa så langt:
Carlsen–Sjirov. Sluttstillinga.
Verdsmeisteren forklarte instruktivt kvifor svart gav opp. Den sentraliserte kvite dronninga er så sterk at svart må freista byta dronningar, til dømes gjennom å flytta dronninga til e8. Men i denne bondestillinga vil kvit, når kapplaupet byrjar etter dronningbyte, alltid få ny dronning fyrst. Den rekneoperasjonen kan jo lesaren gjera i fred og ro. Carlsen og Sjirov tok han på eit par sekundar.
Atle Grønn
*Ein bonde i sjakkspelet er ikkje ein gardbrukar, men ein fotsoldat. Det ser vi om vi går til språk som ikkje er smitta av tysk (Bauer). På islandsk heiter bonden ped (jf. pedikyr – fotpleie). Tilsvarande finn vi til dømes pedone i italiensk og pion i fransk; pawn i engelsk. I latin er pedes ein vandrar.
Ukrainaren rotar fyrst bort sigeren,
så rotar han bort remisen –
og så taper han til slutt på tid.
FIDE Chess.com Grand Swiss,
Isle of Man,
10.–21. oktober 2019
Carlsen runde for runde:
1. Carlsen – Kuzubov 1–0
2. Sarana – Carlsen O– O
3. Carlsen – Kasimdzjanov O– O
4. Kovalev – Carlsen O– O
5. Carlsen – Ganguly 1–0
6. Carlsen – Sjirov 1–0
Stillinga etter 6 av 11 rundar:
1. Wang Hao Kina 5 poeng
2. Caruana USA 5
3. Maghsoodloo Iran 4O
4. Anton Spania 4O
5. Carlsen Noreg 4O
6. Grisjtsjuk Russland 4O
(154 spelarar)