Sjakk
Dei fell på flatmark
Magnus Carlsen (27) gjorde alt rett i dei fyrste tre partia og så alt gale i dei neste fire.
Carlsen fekk det fyrste tapet sitt mot So nokon gong i runde 6. Og det var heilt fortent.
Foto: Lennart Ootes
Berre éin gong dei siste fem åra har Carlsen vunne på heimebane i Norway Chess, medan han to gonger har vore nummer to bak ein Sergej Karjakin i form. I turneringa i år er ingen i form etter at Carlsen fekk det for seg at han kunne vinna ved å krabba til mål. Fasiten éin runde før slutt er at feltet samlar seg i midten. Det gjer om ikkje anna at turneringa er spanande til siste trekk.
Og så var dei ni …
Lat oss byrja bakfrå med Ding Liren (25), rangert som nummer fire i verda. Kinesaren har spela heile 75 parti på rad mot verdseliten utan tap. Han byrja solid i Stavanger òg med tre remisar. På fridagen vann han endeleg – men det var ein kokkekonkurranse i lag med Vishy Anand (48). Den indiske veteranen var den einaste av dei ti sjakkmeistrane som ikkje fekk minuspoeng for sausen. Han sat som eit skot. Ding Liren hakka grønsaker og smilte tappert, men tidlegare på dagen hadde han falle på flatmark under ein sykkeltur. Seinare vart det konstatert brot i hoftebeinet, og han vart lagd inn på sjukehus. Dei tre partia til Ding Liren vart annullerte, og framtidige motstandarar fekk ein ekstra fridag.
Den nye situasjonen skapa ubalanse i rekneskapet der nokre spelarar hadde ein fridag til gode. Det gjorde ikkje situasjonen betre at alle tok poeng frå alle, slik at ingen lenger visste kven som var i leiinga. Alle trudde det var Carlsen, men ein dag sat han i TV-studio som programleiar. Det var visst fridagen hans mot Ding Liren, og han ville styra showet sjølv.
Skandalar og nerdeprat
Carlsen sa eit par interessante ting for oss sjakknerdar. Han skulda Sergej Karjakin (28) og aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov (33) for å ha «fiksa» remispartiet sitt. Dei skal ha diskutert alle trekka saman på førehand. Slikt er under norsk moralsk standard anno 2018, meir som norsk høgdehus anno 1998. Norske aviser slo sjakkskandalen stort opp, men litt av lufta gjekk ut av ballongen då Mamedjarov roleg stadfesta det Carlsen hadde sagt. «Ja, når venen min og eg ikkje vil spela mot kvarandre, tek vi berre remis. Logisk, ikkje sant?» Karjakin har ikkje svara på skuldingane, men tapte brutalt mot amerikanaren Hikaru Nakamura (30) dagen etter at miniskandalen vart kjend.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.