Teknologi

Datakomprimering

Claude Shannon blei far til den moderne digitale teknologien.
Claude Shannon blei far til den moderne digitale teknologien.
Publisert

«Regn, seinare regnbyer.» Kor mykje informasjon er det i meldinga frå Vêrvarslinga på Vestlandet? Inga. Dei seier det same kvar gong.

Eg, den vesle guten, sit åleine saman med radioen den regntunge sumaren. Dei vaksne søv middag. Eg kosar meg med kodekryssord. Ved å telja bokstavar og sjå på endingar av ord har eg alt fått dei mest vanlege bokstavane – E, R og T – på plass. Så er det å sjå etter kombinasjonar av to bokstaver. Er dei like, er det som regel konsonantar. Etter det er det litt prøving og feiling, så er det heile på plass. Eg har drive med frekvensanalyse utan å vite det. Slik analyse har kode­knekkarar halde på med i uminnelege tider.

Eg veit ikkje om Alfred Vail var spesielt glad i å lesa aviser, men det var det han gjorde då han saman med Samuel Morse utvikla morsekoden. Han talde førekomstar av einskilde bokstavar. Bokstaven e, som dukka opp oftast, blei til ein prikk. Sjeldne bokstaver, som q, blei til tre strekar og ein prikk. På den måten klarte dei å komprimera meldingane som blei sende med telegrafen deira. Børsmenn som bruka telegrafen, syntest han var dyr. Dei laga difor kodar på toppen av morsekoden for å komprimera endå meir. Dei utnytta det at språk inneheld meir informasjon enn strengt tatt nødvendig – språk har redundans. Prisen dei måtte betala dersom ein feiltolka ein strek eller prikk, var at heile meldinga blei uforståeleg.

Hundre år etter Vail og Morse var det ein liten gut på bondelandet i USA som laga sin eigen vesle telegraf. Han blei fascinert av prikkane og strekane og korleis dei var fordelte.

Som 21-åring skreiv han den mest banebrytande hovudoppgåva i historia. Han såg samanhengen mellom matematisk logikk og elektriske krinsar som hadde gått alle dei andre hus forbi.

Claude Shannon blei far til den moderne digitale teknologien. Med ein slik prestasjon opna alle dører seg. Shannon fekk jobb på Bell Labs. I arbeidstida var han kodeknekkar, og på fritida utvikla han informasjonsteori. Det tok han ti år.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement