Essay
Dans
Illustrasjon: Sergio Valle Duarte / Wikimedia Commons
Under ei interessant framføring på Dansens hus sa venninna mi til meg: Sjå kor flott han fører hovudet, og då såg eg at det han gjorde med hovudet og heile kroppen, intensiverte dansen, og at dansen hans passa perfekt til musikken.
Ein av dei flottaste dansane eg har sett, såg eg på NRK og det var Nederlands Dans Theater; alle dansarane var utkledde som Michelin-mannen og dei dansa etter ein av Bachs Brandenburg-konsertar, og alle dansarane trampa hardt i golvet, som om dei var på Færøyane i ein heilt annan dans, men det var flott og dei dansa som om det var både dans og teater.
Det er den dansande kroppen eg er interessert i, og i dei ulike rørslene som kroppane gjer når dei framfører ein dans, og ljoden av berre føter mot eit scenegolv er ikkje som ein variant av det å vere autentisk, men det er sjølve nærværet, og det gjer at dansen blir meir omfattande, som alle dei underlege rørslene med armar, hofter, rygg og bein eller hovudet som venninna mi kommenterte.
Eg synest mykje med moderne dans er utfordrande og ofte skjønar eg lite like av det som då eg høyrer ein svarttrost synge eller om eg høyrer ein av strykekvartettane til Cecilie Ore, men det er ikkje for å forstå, men for å lytte etter, tenkje etter og å sjå etter, og for å vere ofte i den kategorien som den franske forfattaren Proust var i, ifølge kollegaen hans Maurice Barres som karakteriserte Proust «som ein persisk poet i ein portnarbustad».
Eg har vore på dansens hus mange gonger, og sett mange danseførestillingar, men nå, tenkjer eg at det er utan dans, eller der kor dansen har flytta seg til ein annan stad, og for å seie det litt flåsete, så er det meir hand- og armrørsler i det som er dans på Dansens hus, som kan minne om eit anfall av epilepsi, og venninna mi, tidlegare dansar og koreograf, meiner at det har skjedd noko med dansen, som om dei, kven dei nå er, ikkje vil bruke kroppen i dansens underlege rørsler; alt dette veit eg ikkje noko om, men mange av dei siste danseframføringane på Dansens hus har rett og slett vore utan dans.
Det Nederlands Dans Theater var ikkje ute etter, trur eg, å fortelje noko anna enn å vise gleda ved å danse, etter ein flott og feiande komposisjon av Johann Sebastian Bach, og dei dansa etter eit godt orkester, om eg skulle ha sakna noko, så måtte det ha vore pusten frå alle dei som dansa og trampa takten, for dei påkledde dansarane måtte ha vore kok varme, men det er kanskje vanskeleg å få til med musikken, og trampinga.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.