Sport

Dans i gymsalen

Dans på timeplanen i ein gymtime i 1946. Sirkeldans var og er ein klassikar.
Dans på timeplanen i ein gymtime i 1946. Sirkeldans var og er ein klassikar.
Publisert

Nokre venner av meg gjekk på kristen internatskule, der dans var teke ut av timeplanen. Kva dei gjorde på rommet sitt, var det ingen som kunne kontrollere, men i kroppsøvinga hoppa lærarane glatt over dei rytmiske rørslene. Dette var på slutten av 1990-talet, då læreplanen inkluderte fleire punkt om dans, blant anna skulle elevane «kunne danse et lite utvalg av danser eller danseelementer fra nasjonal dansearv» og «bruke sine kreative evner til å skape sine egne kombinasjoner av danseelementer».

Sjølv om enkelte var misunnelege på dei som slapp å pine seg gjennom jenka og irsk jig, undra andre seg over at undervisninga kunne vere så ulik frå éin skule til ein annan. Rykta sa at det handla om arv. Det var konservative eldre som testamenterte pengane sine til den private skulen. Pengane var til ei god sak, ikkje til dans.

I 2011 dukka det opp ei sak i Dagbladet om ein kristen friskule på Herøy som ikkje lét elevane utføre pardans på skuleballet. Rektoren presiserte at dei ikkje såg på dans som synd, derimot ei naturleg gudegåve. Pardans fall berre ikkje naturleg for elevane hans og kunne i tillegg verke ekskluderande.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement