Reportasje
Dal utan tog og riksveg
NUMEDALSBANEN: Toget forsvann og europavegen kom aldri. Men dei få som bur her, tek godt vare på både fortida og notida.
Vogner frå Numedalsbanen er parkerte for godt mellom Veggli vertshus og Numedalslågen, der dei no står like nedsnødde som skjenegangen.
Foto: Håvard Rem
Me er på veg til Rødberg, inst og øvst i Numedal. Dit drog kong Haakon VII, kronprins Olav og fleire statsrådar ein kald novemberdag i 1927 for å opna Numedalsbanen. Som dei dreg me via Kongsberg, men ikkje med toget, for etter 60 år vart banen lagd ned.
Kongsberg: 0 km, 162 moh.
Kongsberg er eit knutepunkt. Ofte har eg forlate byen med tog eller buss, bil eller sykkel, austover mot Oslo, vestover mot Notodden, sørover mot Larvik, men denne vegen ut av byen, slår det meg, har eg aldri fare før. Eg spør reisefylgjet. Nei, ho har heller ikkje køyrt her. Til saman har me budd og reist meir enn hundre år i Noreg, men ingen av oss har nokosinne vore i Numedal. Berre åtte mil frå hovudstaden køyrer me på fylkesveg 40 inn i ukjent ingenmannsland. Base for opphaldet er eit rom på Rødberg Hotell.
Heilt sidan 1872 hadde Kongsberg vore knytt med jarnbane til hovudstaden, men ikkje til eit jarnbanenett. Banane gjekk kvar for seg til endestasjonar som anten var ein viktig vassveg eller by. Kongsberg var ein viktig by. Berre hundre år før hadde han vore den største austafjells, og den nest største i Noreg, etter Bergen. At ein by i innlandet vart påkosta ei kyrkje med 2400 sitjeplassar, var naturstridig, men byen hadde både sylvverk, myntverk og våpenverk, og laut sjølvsagt ha jarnbane òg.
Men vidare frå bergstaden? Nei, det tok tid. Kongsberg vart liggjande som endestasjon i 50 år. Fyrst i 1920-åra byrja ting å henda. Då gjekk ein i gang med bygging av heile to jarnbanar vidare frå Kongsberg – Sørlandsbanen mot Kristiansand og Stavanger, som stod ferdig i 1944, og Numedalsbanen mot Rødberg og Hardangervidda, som vart opna i 1927.
Sidebanen
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.