Dag og Tid-stølen

Eg tek avgjerda. I kveld skal eg mjølka for hand, same kva.

Turken har slått inn. Elva er tom, og kyrne må brynnast kvar dag. Strevsamt, men det positive er at kyr og stølsdreg får enno betre kontakt.
Turken har slått inn. Elva er tom, og kyrne må brynnast kvar dag. Strevsamt, men det positive er at kyr og stølsdreg får enno betre kontakt.
Publisert

Klokka er halv ni om morgonen, og eg er ferdig med mjølkinga. Eller rettare sagt vaskinga av mjølkemaskina. Sjølve mjølkinga tek berre fem minutt per ku. Det er vaskinga som tek tid. Å bere vatn, koke vatn, skylje, så vaske, så skylje att. Og det går med mykje vatn.

Eg har difor tenkt på det lenge: Bør eg ikkje gå over til handmjølking? Eg har jo berre desse to små fyrsteårsmjølkekyrne som mjølkar ti–tolv liter for dagen kvar. Knappe seks liter kvar morgon og kveld. Ei røynd budeie ville brukt fem–seks minutt per ku. Eg må no klara det same på ti minutt?

Eg har prøvd før, det fyrste året på stølen i 2014, men gav det eigenleg ingen sjanse og gav raskt opp. Kyrne ville ikkje og var for urolege – det vart eitt. Og eg skjøna at det var tungt, at handledda fort vart slitne, og at eg ville gå lei etter nokre dagar. Eg vart òg frårådd av røynde handmjølkarar som sa at det tek lang tid før ein vert van nok med å handmjølka. Å tømma eit jur for mjølk er ein jobb. Så eg skaffa meg mjølkemaskin, vakuummaskin og aggregat.

Men det er altså eit styr med denne mjølkemaskina. Det er ikkje berre vaskinga av mjølkespanna og mjølkeorganet med spenekoppane. Eg må òg ha orden på vakuummaskina og aggregatet.

Dessutan har turken slått inn på stølen, og faren for å gå heilt tom for vatn er reell. Bekken vi vanlegvis hentar vatn frå, er alt tom. Vi har ein slange som vi har drege godt opp i lia og lagt ned i ein kulp. Men etter at snøsmeltinga er over, skal det ikkje gå så lang tid utan regn før bekken minkar kraftig.

Ti dagar seinare var det slutt. Då måtte eg draga vasslangen over til ei ny elv i ein liten sidedal. Fyrst kopla eg meg på slangen til nabostølen, deretter forlengde eg slangen nokre hundre meter og kom så høgt opp at trykket var kraftig nok til å koma ned dalen og opp på kollen som stølen ligg på.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement