Reportasje
Då traktorane byrja å verpa
Inne i rundballane løyner det seg djupe innsikter om norsk jordbruk. Lag på lag ligg dei kverva mellom graset og plasten.
Rundballar på heimegarden til Dag og Tid-redaktøren på Voss.
Foto: Håvard Rem
Alle har vi sett dei, desse runde ballane i kvit plast som ligg på jorde etter jorde i landet vårt. Sjølv dei som knapt rører seg utanfor Grünerløkka eller Nydalen, må ha fått med seg traktoregga som er stappa med silofôr. Om ikkje anna har dei det som eit vagt minne frå turen heim til ho mor, eller som ein glimt gjennom vindauget susande av garde på flytoget.
Ja, vi har nok alle sett dei, skulle vi tru. Dei er blitt ein del av det norske kulturlandskapet. Men ikkje berre det. Utan at me har merka det, har traktoregga klekt ut ein stille revolusjon i jordbruket. Og til skilnad frå dei kvite vindmøllene som no skapar stor debatt, har dei kvite rundballane knapt skapa debatt medan dei stille og sakte har fylt landskapet.
Dyre siloar
Traktorane i Noreg byrja å leggja egg tidleg i 1980-åra. Ein viktig grunn til dette var kostnaden med å halda dei gamle betongsiloane – desse borgliknande grå tårna som spratt opp i landskapet på 1960- og 1970-talet. Det vart dyrt å sertifisera siloheisane, og endå dyrare å sørgja for at siloane heldt tett – at ikkje syre rann ut i vassdrag og det som verre er.
«Du har sett alle siloane som står rundt i landet? Dei fleste av desse er tomme no. Det vart for dyrt å halda dei tette. Det kunne kosta opp mot 120.000 kroner å leggja fiberglas i ein 6 meter silo.» Dette seier ein tidlegare bonde og noverande rundballeentreprenør.
Det var òg mykje arbeid med å leggja gras i silo. Slåtten på ein vanleg gard tok vekevis med fôrhaustar, ein trong mykje folk til å jamna i siloen, og helst minst éin person med traktor og lessevogn som kunne køyra lasset inn. Då eg var liten, hadde me på heimgarden om lag 140 mål som me hausta. Det tok eit par veker med fôrhaustar. I dag har far min over dobbelt så mykje jord å hausta, men no, med rundballing, er dette gjort på under ein dag.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.