Historie

Da kvinnene kravde bustadrasjonering

For hundre år sidan diskuterte mellom 350 og 400 norske kvinner bustadpolitikk i to dagar. Høgrekvinner, sosialistar og partilause vart samde om at bustadrasjonering ville vera eit nyttig tiltak.

Arbeidarpartiets kvinneforening krev framleis bustadrasjonering i mai 1925. Lova frå 1920 om bustadrasjonering blei aldri praktisert og opphøyrde i 1922.
Arbeidarpartiets kvinneforening krev framleis bustadrasjonering i mai 1925. Lova frå 1920 om bustadrasjonering blei aldri praktisert og opphøyrde i 1922.
Publisert

Våren 1920 hadde det kommunale leigegardskontoret i Kristiania registrert 5100 «leiesøkende familier». Også i dei andre større byane var bustadsituasjonen mildt sagt vanskeleg, med tronge, overfylte leilegheiter der arbeidsfolk budde, og romslege hus og leilegheiter på den andre kanten av byen.

Dette var bakteppet da Betzy Kjelsberg, både fabrikkinspektør og aktiv organisator på mange hald, ønskte mellom 350 og 400 deltakarar velkomne til Kvindernes Boligkongres i Kristiania 18. mai 1920. Her var høgredamer frå Drammen og glødande sosialistar frå Tromsø, medlemmer av ulike kvinneorganisasjonar og utsendingar frå kommunestyre rundt i landet.

I opningstalen sa Kjelsberg mellom anna at no ville kvinnene krevja at landet ikkje berre skulle byggjast ved lov, men ved bustader: «Vi kvinner har nu lenge hatt vaar politiske makt, men vi har ikke benyttet den. […] Nu skal kvinnene kreve mennene til regnskap for deres boligpolitikk.»

Norsk Forening for Boligreformer var arrangør, og ein breitt samansett kvinnekomité med femten medlemmer hadde førebudd kongressen. Den første innleiaren var arbeidarpolitikaren Marion Philips frå England. Ho fortalde om engelske kvinners innsats for å løysa bustadproblema etter første verdskrigen. På grunnlag av ein omfattande undersøkingsaksjon hadde ein kvinnekomité sett opp eit omfattande bustadprogram: Kvar bustad måtte ha minst fem rom, bad og eigen hage til kvart hus. Kjøkkenet måtte venda ut mot lyse plassar med vegetasjon, ikkje mot mørke bakgardar. Husa skulle liggja i eigne hagebyar, i avstand frå fabrikkane. Denne rapporten vart møtt med sterk applaus frå kongressdeltakarane i Kristiania.

Kvinnekrava

Dei norske innleiarane gjekk konkret til verks med sine krav. Mathilde Kierulf, høgrerepresentant i Drammen bystyre, snakka om «Kvindernes krav til boligsaken», med utgangspunkt i heimen som arbeidsplass. Industriarbeidarane hadde fått sin åttetimarsdag. Men kva med arbeidsvilkåra for dei som hadde arbeidsplassen sin heime? Alle tekniske hjelpemiddel burde vera sjølvsagde, gass og elektrisitet i alle heimar. Og kvifor var ikkje kvinnene med når bustader skulle planleggjast?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement