Då Hammond høyrde Holiday

MANHATTAN: Ein novemberkveld i 1933 drog ein ung John Hammond frå rikmannsheimen sin ved Central Park til ein nattklubb i Harlem der tenåringen Billie Holiday song.

Billie Holiday i platestudio i New York i 1957/58.
Billie Holiday i platestudio i New York i 1957/58.
Publisert

Geografisk er det ei ferd på berre fire kilometer, tre kvarter å gå, nokre minutt med metroen, om lag seksti gater – fyrst tjue attmed Central Park og så førti gater inn i Harlem. Materielt og kulturelt er det ei ferd gjennom hundreår av amerikansk soge. Den kvelden får Hammond høyra atten år gamle Bille Holiday.

Rutenettet

Heile Manhattan-øya er ruta opp i om lag 250 gater mellom vest og aust, mellom Hudson og East River, frå The Battery på sørspissen til Broadway Bridge i nord, to mil, som frå Akershus festning til Lillestrøm. Øya tek drygt fire timar å gå på langs. I dag går eg ein tredel, åtti gater, frå hotellet ved 8. gate og Washington Square Park til 87. gate, der Billie Holiday budde dei siste åra av livet.

Byen tetnar til før han opnar seg att med Central Park. Femte aveny er ikkje til å halda ut, trass i og på grunn av pandemien. På grunn av? Her snublar ein i folk. Trass i? Ja, det er færre turistar enn vanleg i New York, og dei som likevel er her, har samla seg på Femte aveny.

New York Public Library, mellom 40. og 41. gate – teikna av dei same arkitektane som teikna barndomsheimen til John Hammond – er det beste med Femte aveny, som eg held ut til 50. gate. Dei siste ti går eg Sjette aveny. Somme byter aveny same kva, for å koma til Radio City Hall eller Museum of Modern Art, og går då glipp av Trump Tower, som ligg høgare på Femte.

Midtown er Manhattan på sitt verste. Ein skjønar dei besteborgarane som for 180 år sidan kravde ein park midt i rutenettet. Landsbyane som låg der parken no ligg, vart tømde for fattige irar og frie afroamerikanarar. Rikfolka fekk parken sin og bur framleis på kvar si side av han, på høvesvis Upper West Side og Upper East Side.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement