Mat
Då eg møtte Jesus
Mojitokanna til Jesus.
Foto: Dagfinn Nordbø
Alicante på den spanske kysten er byen titusenvis av nordmenn landar i med charterfly, for å bli bussa vidare til eit eller anna turistanlegg. Men vi kan droppe den vulgære masseturismen og heller utforske Alicante, som er eit nydeleg reisemål i seg sjølv. Til dømes den yndige litle gamlebyen med den vakre kyrkja og – ikkje minst – arkitektur, barar, delikatessebutikkar og restaurantar å døy for.
Av restaurantane vil eg nemne berre to, for då eg oppdaga dei, gjekk eg ingen andre stader: tapasrestaurantane Nou Manolin og Taberna del Gourmet.
Begge har den spanske raustleiken i rikeleg monn: eit heilt lite fjell av dagens friske og struttande grønsaker utstilte, eit syn som kan få kvar Rema-indoktrinert nordmann til å svime av av lykke, og dei stolte Joselito-spekeskinkene som heng og dinglar frå taket, av iberisk svin, himmelsk kjøt som fint kan utkonkurrere dei fleste parmaskinker kva dag som helst.
Du kan òg kjøpe skinka direkte frå restauranten, som eg sjølv også gjorde. Det skjedde etter eit iberisk herremåltid med tapas og raudvin, etterfølgt av nokre gargantuiske drammar av spanjolanes brandy Carlos Primero; spanjolane aner jo ikkje kva vi nordmenn må tole av gjerrigskap på brennevinet.
Gleda (og kanskje ein stigande promille) fekk meg til å dra visakortet så det sokk i kontoen. Det var nesten så banksjefen ringde meg.
Pata negra, spekeskinke av glade og frittspringande griser som er fôra opp på eikenøtter, er nemleg det eg skal tinge som mitt siste måltid, om eg skulle få tilbodet. (Vel heime i Noreg putta eg herlegdomen i kjøleskapet i plastfolie, noko eg ikkje skulle gjort. Pata-negraen mugna. Så det kosta meg eit par vekeløner å lære at slike skattar skal pakkast inn i papir.)
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.