Sjakk

Carlsens lynåtak

Magnus Carlsen ville vinna alt frå klassisk langsjakk til lynsjakk i 2018, men miste hovudet i den nye favorittdisiplinen hurtigsjakk.

Magnus Carlsen er ikkje Ibsen eller Nansen, men eg har ofte tenkt på han som «ein Abel med brett og brikker», skriv Atle Grønn.
Magnus Carlsen er ikkje Ibsen eller Nansen, men eg har ofte tenkt på han som «ein Abel med brett og brikker», skriv Atle Grønn.
Publisert

Den 16. verdsmeisteren i kongerekkja gjennom 132 år endrar synet vårt på kva det vil seia å vera ein komplett sjakkspelar. Tidlegare var det berre klassisk sjakk som hadde prestisje. Men mellomdistansen hurtigsjakk er ideell for å kåra den beste sjakkspelaren i verda – utan at pugging av opningsteori og remisdauden øydelegg sjakkgleda, meiner Carlsen. Argumentet vart lagt fram med tyngde etter at han vann 3–0 i omspelet i hurtigsjakk mot Fabiano Caruana i London den 28. november.

«Ja vel», tenkte sjakkverda. Ein månad seinare var det klart for den eigenlege verdsmeisterskapen i hurtigsjakk og lynsjakk i St. Petersburg. Carlsen gjekk offensivt ut: «Eg skal ta alle dei tre titlane, slik eg gjorde i 2014.» «Ja vel», tenkte sjakkverda. Eg rekna litt på sjansane hans i eit felt med 100 av dei beste spelarane i verda. Om han hadde 30 prosent sjanse til siger i hurtigsjakk og 40 prosent sjanse til siger i lyn­sjakk, ville han berre ha 12 prosent sjanse til dobbelsiger i romjula. Så brutal er sannsynsrekninga. Ingeniør og pappa Henrik Carlsen seier at Magnus var betre i matematikk før han byrja på skulen enn i dag – ikkje som kritikk av skulesystemet, men av di vesle Magnus snøgt miste interessa for alt anna enn sjakk.

Mental sperre

Carlsen har ikkje vunne fyrste parti i hurtigsjakk-VM sidan den historiske prestasjonen i 2014. Han tapte i fjor, jamvel om motstandarane i dei fyrste partia aldri er på topp 500 i verda. Mot ein ukrainsk stormeister-amatør (det finst slike òg) i fyrste parti i St. Petersburg spela Carlsen sakleg på brettet, men då ukrainaren verja seg som best han kunne, vart Carlsen frustrert over at sigeren ikkje kom. Han byrja tenkja, og han tenkte lenge. Dei ti sekunda ein får ekstra per trekk i hurtigsjakk, gjer det mogleg å rekna eit par variantar i sluttspelet òg, men ikkje meir. Carlsen rekna ein variant. Og ein til. Og ein tredje. I ei god stilling tapte verdsmeisteren overraskande på tid.

Mot ein 16-åring frå Usbekistan skulle Carlsen retta opp fadesen i runden etter. Han leika seg arrogant med dei kvite brikkene då han sette opp fella alle sjakkborn kjenner som «skulematten»:

Carlsen–Vokhidov (hurtigsjakk).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement