Sjakk

Carlsen og geita

Vi ser no den beste serien av sjakktrekk nokon gong frå menneskehand. Magnus Carlsen vann alle partia i Baden-Baden.

Med dei fire sigrane i Baden-Baden har verdsmeisteren no spela 59 parti på rad utan tap i klassisk sjakk.
Med dei fire sigrane i Baden-Baden har verdsmeisteren no spela 59 parti på rad utan tap i klassisk sjakk.
Publisert

Sjakkverda er euforisk. Sjakkhistorikaren Olimpiu Urcan sa det slik: «Han er i Guds namn eit geni. Vi er privilegerte som lever i hans tid. Det er som å leva i renessansen i det 15. hundreåret og kunne sjå Leonardo da Vinci måla via livesendingar på internett.»

Men ein liten kommentar frå stormeister Emil Sutovskij gjorde mest inntrykk på meg: «GOAT? Possibly so.» Når det gjeld denne geita, må ein kjenna konteksten: Sutovskij voks opp som russisktalande jøde i Baku i Aserbajdsjan, nett som Garri Kasparov. Israelaren Sutovskij, som forgudar Kasparov, har positiv score mot (ein ung) Carlsen og har ofte vore kritisk til verdsmeisteren.

Men no vaklar òg Kasparov-fansen. GOAT er ei forkorting for «Greatest of all time», og det er der slaget no står. Før verdsmeisterskapen i London i 2018 hadde eg, som dei fleste i sjakkverda, Carlsen på plassen bak Kasparov, geniet som var verdsmeister i 15 år og verdseinar i 20. Dataanalysar har lenge synt oss at nivået på trekka til Carlsen objektiv sett er høgare enn hos Kasparov, men den eksplosive krafta til russaren var unik, trudde vi. Kasparov vann fleire parti enn Carlsen, russaren spela færre remisar. Forklåringa har vore at det nesten er umogleg å vinna klassiske sjakkparti på toppnivå no i dataalderen.

Umogleg og mogleg

Eller er det ikkje umogleg likevel?

Eg møtte Henrik Carlsen i Nordmarka i vinter, ikkje langt frå huset sonen kjøpte til foreldra i Holmenkollen. «Det ser bra ut framover», sa far Carlsen, før han heldt fram: «Dette må du ikkje skriva, men …». Det han fortalde, var ikkje revolusjonerande, eg hugsar eigenleg ikkje kva forklåringa på optimismen hans var, men ho var ikkje knytt til kunstig intelligens eller implementering av ein chip under huda på guten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement