Sjakk
¿ Brotne forbanningar
Norway Chess set ein ny standard for ei ny tid i klassisk sjakk. Og Carlsen innfrir på heimebane.
Etter sitt fyrste tap på 800 dagar gløymer Carlsen at ein ikkje skal ha kroppskontakt med motstandaren Duda.
Foto: Lennart Ootes
Arrangørane i Stavanger har gjort det meste rett. Og aldri har det stått så mykje på spel. Altibox Norway Chess er den fyrste fysiske superturneringa i verda sidan mars i år. Om dette ikkje hadde gått bra, kunne ein berre gå attende til guterommet og datamaskina. Ein grøssar ved tanken.
Spelarane er svoltne og serverer sjakk av beste merke i kvart einaste parti. Med god strekk i feltet i alder og nivå vert det ingen keisame remisparti. Diverre må publikum takka vår eigen juniorverdsmeister frå 2017, sympatiske Aryan Tari (21), for mykje av underhaldninga. Noregs nest beste spelar har berre fått éin remis på åtte klassiske parti. Han har tapt sju gonger i debuten. Det seier mykje om kor sterk verdseliten er, men set òg prestasjonane til Magnus Carlsen (29) i perspektiv.
Fyrste forbanning
Dei to beste spelarane i verda hadde spela 19 remisparti på rad i klassisk sjakk før 4. runde i Stavanger. Ikkje sidan våren 2018, på den same scena, hadde Carlsen slege amerikanaren Fabiano Caruana (28). Caruana på si side har ikkje slege verdsmeisteren sidan 2015.
Men denne gongen fekk Carlsen ganske enkelt spel som kvit. Føremonen var ikkje stor, men han bar det klassiske Carlsen-stempelet. Caruana vart meir og meir passiv heilt til det ikkje var meir att å spela for. Carlsen var letta, men òg overraska: Er det så lett å spela sjakk? Forbanninga etter dei 12 remispartia i VM-kampen i 2018 var broten.
Andre forbanning
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.