Bondediktaren frå SetesdalI år er det 150 år sidan Gunnar T. Rysstad – bonde, lyrikar, dramatikar, omsetjar, ordførar, stortingsmann og mykje meir – vart fødd.
I år er det 150 år sidan Gunnar T. Rysstad – bonde, lyrikar, dramatikar, omsetjar, ordførar, stortingsmann og mykje meir – vart fødd.
Gunnar Tarjeison Rysstad.
Alle foto frå Knut Jonson Heddi si fotosamling, Bygdekunstlaget Knut Heddis Minne
Var Gunnar Tarjeison Rysstad ein av dei såkalla «mismætte heimstaddiktarane»? Me veit om ikkje så få av denne kategorien i «eventyrdalen», som Setesdal stundom vart kalla i hans tid. Nei, Gunnar Rysstad var ikkje mismætt. Men eit jubileumsår er velretta som høve til å stille nye spørsmål kring jubilanten. I år er det 150 sidan han vart fødd.
Det kan synast som eit paradoks at i inngangsporten til dalen der stevet som poetisk uttrykksform vart driven lengst av alle stader i landet, vart dørstokken for høg for at nokon frå utsida med tilstrekkeleg pondus og gjennomslag tok på seg å fremje einskildmenne som nasjonalskaldar. Det vart, som me veit, tilfelle annan stad, men altså ikkje i Setesdal.
Mange store kultar «lukta og smaka» på setesdalspoesien, men ingen einskilde stevdiktarar frå Setesdal vart elska fram av dei, eller den større litteraturinteresserte hopen, i Noreg og omverda. Der var så overlag stor ein stevskatt – både den folkelege delen, den utan heimelsmenne, og den nyskriva, signerte delen – at titusentals einskildstev fann sitt rom i dei største samlingane. Det var gjerne setesdølanes eigne som samla desse, slike som Alexander Seippel, Knut Austad og Knut Jonson Heddi.
«Tilfellet Gunnar T. Rysstad» er altså eineståande i diktarsoga for Setesdal i tidsbolken han levde i, frå 1867 til 1928, og mykje lenger au. Han var som 21-åring ute med eit prent av ein «rimkrans» der han fann rom for diktet «Radikale hjartesukk». Heftet fekk også den motsetnadsfylte og heller melankolske tittelen Sukk og song. Lyrikk og songar tileigna både Alexander Kielland og A. O. Vinje får au plass der, etter ei innleiing lånt av sjølvaste Ivar Aasen, med hans sutemål i verseform for sin eigen påståtte manglande diktargjevnad.
Men diktet bygt på segnkrinsen om Reiår og Rannei viser allereie her dramatikaren Gunnar Rysstad på sitt tidlegaste, og jamvel beste. Både Conrad N. Schwach og Holger Drachmann vart inspirerte av same segna til diktinga si, førstnemnde alt i 1825, seier professor Torleiv Hannås, men han rundar av med at ingen har gjort det så godt som Gunnar Rysstad: «Han hev fenge slik ein hildrande dåm frå gamle dagar yver kvædet sitt, helst gjennom det gamle versemålet som han handsamar so meisterleg.»
Torleiv Hannås skriv vidare, i ei melding av «Orren Spelar», som er den femte diktsamlinga til Rysstad, med både nye dikt og eit utval av det beste frå tidlegare utgjevingar: «Eg veit ingen som knyter saman gamal og ny skaldekunst med slik meisterskap. Det skulde då vera Ivar Mortenson» (Gula Tidend 1915).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.