Bomtur til Drevsjø

ENGERDAL: Kommunen hadde ein gullalder i 1960-åra då engerdølen Gjermund Eggen vann tre gull i ski-VM. Sidan har folketalet gått kraftig ned, og nedgangen held fram. Men eg møter mange born.

Murtuza (9), Omid (8) og Mosda (5) kjem frå Afghanistan og bur på Drevsjø asylmottak.
Murtuza (9), Omid (8) og Mosda (5) kjem frå Afghanistan og bur på Drevsjø asylmottak.
Publisert

Kvar er vegen til villmarksmuseet? Eg køyrer langsamt gjennom Drevsjø, den største tettstaden i Engerdal kommune, og ser lenge ikkje eit menneske å spørja. Men så, utanfor eit hus, sit ein kar i solveggen.

Med svart lugg, høge kinnbein og mørke, smale augo kunne han ha vore ein av dei eg vona å treffa på Drevsjø, frå ein minoritet som i hundreår har sett preg på området. Det har fleire minoritetar: sørsamar, kvenar, skogfinnar, romar. Dei lærte eg mykje om på Glomdalsmuseet i Elverum. Østerdalen og Engerdal har vore ein fleirkulturell region. Men møtet vart utsett.

Det er heller ikkje bygdefolk å sjå. Å køyra gjennom Engerdal ein sundag er som å fara gjennom eit område like etter svartedauden. Men så får eg auga på karen i solveggen. Han smiler forsiktig når eg stig ut av bilen med solbriller på nasen og Leicaen kring halsen.

­– Kvar er vegen til villmarksmuseet?

Han ristar på hovudet. Det syner seg at han ikkje skjønar norsk eller engelsk. Litt engelsk kan han, for han spør:

– You from?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement