Bok
Dyret i mennesket
Kurniawan skriv fengslande om konvensjonar og brotsverk i eit eksotisk miljø.
Forfattaren Eka Kurniawan kjem frå Tasikmalaya på Vest-Java i Indonesia.
Foto: Paula Pedemonte
I kulturkrinsen vår, om me då har ein kulturkrins, høyrer me oftast om Indonesia når landet vert råka av naturkatastrofar. Dagleglivet der tykkjest fjernt og eksotisk, mellom orangutangar, komodovaranar og restar etter hobbiten frå Flores, medan jorda skakar og bur seg til neste eksplosjon à la Krakatau. Men stundom får ein mistankar om at det vesle livet finst også der i gardane, og i romanen Mann, tiger av Eka Kurniawan får ein dette stadfesta.
Hovudpersonen er den unge mannen Margio, som i første setning drep ein kar med det interessante namnet Anwar Sadat. Han har ingenting med den tidlegare presidenten i Egypt å gjera. Sadat i boka er ein sedat figur som har hatt talent som biletkunstnar, men som gifta seg rikt med ei lite tiltrekkjande kvinne, og sidan satsa på ein karriere som skjørtejeger. Han hadde talent også på det området.
Aggresjon
Drapet skjer på ein heller bisarr måte, ved biting, og Margio skuldar på ein tiger han har i seg. Boka skildrar dette dels som eit faktum, med ein konkret tiger, men dette magisk-realistiske momentet vert tona ned etter kvart. Tigeren er nok meir å forstå som det dyriske elementet i den aggressive arten mennesket, men folkloristisk definert på ein måte som minner om dei hamrame ein finn i norrøn litteratur.
Margio hatar far sin, Komar, med god grunn. Komar er barberar av yrke og barbar av legning. Han får mosjon ved å banka opp kona si, Nuraeni, og ungane, særleg då Margio. Nuraeni skaffar seg ein fortruleg i komfyren, som ho pratar dagstøtt med, men ho vert òg elskarinna til Anwar Sadat. Det som skjer i romanen byggjer steg for steg opp mot klimakset som vart nådd i første setning. Ein forstår motivet til Margio, men snautt nok handlinga. Der er me i godt selskap, ikkje minst med Margio sjølv.
Attkjennande
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.