Sport
Bohemen
På 1960-talet var A-laget til Vålerenga fullt av bohemar. No finn me berre bohemar off-piste, til dømes på puben Bohemen.På 1960-talet var A-laget til Vålerenga fullt av bohemar. No finn me berre bohemar off-piste, til dømes på puben Bohemen.
Foto: Cornelius Poppe / NTBFoto: Cornelius Poppe / NTB
Favorittbohemen min, Erik «Myggen» Mykland, kunne både røyke og drikke for så å bli banens beste dagen derpå. Var det fordi han var så god, at han kunne klare ein vellukka idrettskarriere som inkluderte litt fest og treningar i bakrus? Eller kanskje gjekk det andre vegen: at det bohemske var med på å gjere han til ein meir kreativ spelar.
Idrettsbohemane er uansett eit frisk pust for publikum, både på og utanfor banen. Dei er ikkje useriøse, berre litt annleis. I ei fotballverd der dei fleste ser like ut, gjer dei same øvingane og har dei same måla, skal det ikkje mykje til for å skilje seg ut. Det kan vere nok å stille i jeans i staden for dress på banketten.
Men kven er dei? Bohemane kan vel ikkje berre ha forsvunne med 1990-talet? Er nivået for høgt til å kunne nyte ein sigg i ny og ne? Har fotballakademi og systematisert trening frå tidleg alder teke knekken på individualistane, eller har bohemane berre gått over i ei anna form?
Er kanskje Haaland med sine mystiske pressesvar dagens bohem? Man bun-en på hovudet gjer han dessverre ikkje kvalifisert.
Kva med Ronaldo, som lager sin heilt eigen dressing? Nei, det er umogleg å bli bohem av å vere ekstra sunn.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.