Kunnskap

Bjølleklang

Etter fleire tusen år med bjøllekyr veit vi enno ikkje heilt sikkert kva kua synest.
Etter fleire tusen år med bjøllekyr veit vi enno ikkje heilt sikkert kva kua synest.
Publisert

Det er seinsommar, og dyra som går og beitar i skogen og på fjellet, er blitt litt meir rastlause. Det beste graset er beita ned, og det er openbert grønare på den andre sida av dalen, elva eller gjerdet.

Lyden av ringlande bjøller frå dyr på beite gjev for nokre av oss gode minne om barndom og om ettermiddagar fylte med rauting, lukt av solvarme dyr og lyden av mjølkemaskinanlegget som starta på fast tid klokka fem kvar ettermiddag. Andre reknar dette som ei sann landeplage, og dei gler seg til gardbrukarane hentar bråkmakarane inn att i fjøset.

Men i denne spalta spør vi som vanleg om korleis dyra har det. I denne samanhengen: Kor plagsamt kan det vere å gå rundt med desse støyande bjøllene heile sommaren? Blir kulturlandskapet i røynda beita og stelt av flokkar med stressa sauer og tunghøyrde kyr?

Tradisjon

Arkeologane har funne bjøller som er minst 5000 år gamle. Dei eldste er, ikkje overraskande, funne i Kina og Midtausten; det var der menneskeslekta byrja med husdyrhald og beitebruk. Dei første bjøllene vart laga av leire, nokre også av tre. Etter kvart vart bjøllene laga av kopar og messing.

Størst kulturell verdi har bjøllene hatt i dei europeiske Alpane, som i Sveits. Der var ei retteleg god kubjølle høgt skatta, og det var før i tida berre den gjævaste leiekua som fekk (den tvilsame) æra av å gå rundt med ei bjølle som vog opptil 5 kg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement