JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Bitcoin-karneval i Hongkong

HONGKONG: Kryptovalutaen bitcoin handlar om meir enn finans, pengar og spekulasjon. Bitcoin er òg subkultur, ei karnevalsfeiring dominert av alternative «tech bros» frå USA. Også i Asia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå 55. høgda i lokala til Hong Kong Monetary Authority ser ein mangt og mykje av den vidgjetne finanssektoren på øya.

Alle foto: Morten Søberg

11442
20240607
11442
20240607

I dag kostar ein bitcoin cirka 750.000 norske kroner; bitcoin har aldri vore meir verdt enn no. På papiret eig cirka 50.000 nordmenn bitcoin og andre kryptovalutaer, men Skatteetaten sjølv trur at det sannferdige talet er godt over 300.000. Men bitcoin er i stadig større grad eit amerikansk fenomen: USA er sjølve bitcoin-landet; der vert om lag 40 prosent av bitcoin produserte og bitcoin-transaksjonar prosesserte.

Nummer 2 på den lista er Kina. Trass i regelrett forbod mot bitcoin sommaren 2021 står Fastlands-Kina for rundt rekna 20 prosent av mynting av bitcoin og godkjenning av bitcoin-transaksjonar i verda. Denne verksemda er ikkje gratis. Gud og kvarmann veit at bitcoin fyrst og fremst krev energi, kvart år om lag like mange terawattimar som Noreg produserer gjennom eit normalår.

Men det er på ein storfelt bitcoin-konferanse i Hongkong at eg for alvor ser, høyrer og skjønar at bitcoin er meir enn økonomi, straum – og klimagassutslepp òg. Det amerikanske selskapet BTC Inc har dei siste fem åra arrangert segnomspunne bitcoin-samlingar i Miami og Nashville. Visjonen deira er verdsfemnande «hyperbitcoinifisering».

I år eksporterer dei konseptet sitt til Asia, til dei hangarliknande lokala til Kai Tak Cruise Terminal rett aust for Victoria Harbour i den fortidige britiske kronkolonien. Eg reiser dit – seks timar fram i tid via Midtausten – av di eg er bankmann og det å skjøna bitcoin er ... maktpåliggjande. Fyrsteinntrykket er mylder og vrimmel; det kryr av folk, oppstartsbedrifter – og kostyme og hippe amerikanarar.

Shinobi Trollz er langt på veg offentleg anonym og slik sett tru mot ein bitcoinsk kjerneverdi.

Med eitt og ein time for seint avløyser ein ordstyrar høglydt teknomusikk og melder at tida er inne. Ein utsending frå styresmaktene i Hongkong opnar ballet, lèt vel om kryptovaluta og gjer eit stort nummer ut av at dei nettopp har legalisert og regulert bitcoin som investeringsobjekt i denne delen av Kina. Han er kledd i dress, skjorte og slips og opererer under fullt namn. Dinest tek amerikanarane så å seia over showet i to dagar til endes. Dei har pynta seg i samsvar med andre kleskodar, og somme av dei lyder namn som til dømes Shinobi Trollz.

Eg klarer ikkje å plassera denne Trollz geografisk i USA; amerikansk engelsk vert stendig meir standardisert. Saman med paneldeltakarane Leo Z. og Wolfie Zhao er han i alle høve med og diskuterer problemstillinga «Krigen om bitcoin». Spørsmålet er i røynda fundamentalt: Skal bitcoin vera det bitcoin skulle verta, nemleg (berre) ein kryptovaluta, eller bør bitcoin i tillegg òg vera og leggja til rette for digital kunst og andre bitcoin-innovasjonar?

Rett til høgre for meg sit ein kar med asiatisk utsjånad og høyrer på ordskiftet. Han er kledd i gult frå topp til tå, inkludert ei gul lue. Oppe på scenen er Trollz meir utkledd enn som så. Han gøymer seg attom mørke solbriller, det lange håret samla under ein kaps og andletet heilt og fullt skjult av ei svart maske. Shinobi Trollz er langt på veg offentleg anonym og slik sett tru mot ein bitcoinsk kjerneverdi.

Bitcoin vart nemleg funne opp av pseudonymet Satoshi Nakamoto hausten 2008. Framleis veit ingen kven han var eller for den del er. Men han såg føre seg bitcoin som eit alternativt elektronisk pengesystem. Bitcoin skulle vera pengar som verken bankar eller sentralbankar produserte eller stod ansvarleg for.

Men slik pengeproduksjon er ikkje berre berre reint juridisk: Han kan grensa til falskmynteri. Difor var ikkje Satoshi Nakamoto ueffen då han lanserte pengeprosjektet sitt i dulsmål.

Det siste livsteiknet frå Satoshi Nakamoto er datert 12. desember 2010. Då publiserte han for siste gong ei anonym melding på nettstaden BitcoinTalk. Han skreiv britisk engelsk før han logga av. Namnet hans er derimot eit japansk gutenamn. Og på japansk tyder Satoshi klårtenkt eller intelligent, medan Nakamoto tyder eit slags midtpunkt.

Sjølve midtpunktet på bitcoin-konferansen er Casey Rodarmor, namngjeten bitcoin-legende og ikkje minst kjend under eige namn. Amerikanaren er konstant kringsett av læresveinar og selfie-jegerar. Sjølv vekslar eg nokre ord med han på svorsk: Rodarmor talar nokså solid svensk etter å ha pluggad programmering i Lund eit år i studietida.

I Hongkong minner han meg om eit flugepapir, ein magnet og ikkje minst eit isfjell: På scenen kan han seia overflatiske ting av typen «eg hatar regjeringa» utan å verken utbrodera eller grunngje utsegnene. «Under vassyta» er han i fyrste rekkje ein teknologiguru som held til i San Francisco-området, og eigenhendig har han både endra og utvida fenomenet bitcoin.

«Dei lokale pengane – Hongkong-dollar – vitnar mellom linene om at det britiske hegemoniet er erstatta av amerikansk, ikkje kinesisk, pengemakt.»

I stutte drag er Rodarmor oppfinnaren av motefenomenet bitcoin-ordinal. Kva er det? Jo, nett slik 1 krone er lik 100 øre, er 1 bitcoin lik 100.000.000 satoshi. Oppfinninga til Rodarmor gjer det mogleg å nummerera slike satoshi; ordinal viser i denne samanhengen til ordenstal – tal som syner plass i ei rekkjefylgd.

Vidare kan slike unike, talfesta satoshi no innskrivast med data: tekst, bilete, lyd. Såleis kan det lagast bitcoin-kunst. Og denne kunsten har så å seia «teke av» og tidvis vorte gull verd. I alle fall har bitcoin-ordinal sidan vinteren 2023 vorte selde på ulike handelsplassar på nettet for ein samla verdi på rundt 50 milliardar kroner.

Også det kjente auksjonshuset Sotheby’s har det siste året kasta seg på karusellen. På auksjonane deira kostar bitcoin-ordinal i gjennomsnitt 300.000 kroner. Kan henda er Sotheby’s si «godkjenning» av bitcoin-ordinal som kunst og digital luksus mest verd.

I Hongkong ser eg tilfeldigvis at nett Sotheby’s driv og pussar opp lokala sine i denne delen av verda. Byggjearbeida er skjulte av eit blått lerret med innskrifta «The world´s premier destination for art & luxury» skrive med gullskrift. Auksjonshuset skriv seg attende til London og årstalet 1744.

Nesten hundre år seinare tok britane øya Hongkong frå Kina under opiumskrigen i 1841. Seinare utvida dei territoriet sitt til andre øyar og eit fastlandsområde rett nord: New Territories, i alt 1012 kvadratkilometer. Både øya og dei nye territoria vart på folkerettsleg vis pakta for 99 år i 1898.

I vår tid ser eg her og der det raude flagget til Folkerepublikken Kina vaia i vinden i staden for Union Jack. Framleis er likevel mange av stadnamna engelske og engelsk språk synleg og i bruk mest overalt. Men dei lokale pengane – Hongkong-dollar – vitnar mellom linene om at det britiske hegemoniet er erstatta av amerikansk, ikkje kinesisk, pengemakt: I fråvær av nokon sentralbank står både den lokale regjeringa og tre internasjonale storbankar som utferdarar av kontantar.

Verdifulle pengar – setlar med valørar over ti dollar – er det desse bankane som produserer. Men dei må eiga amerikanske dollar tilsvarande verdiar av fysiske Hongkong-dollar som dei set i sirkulasjon. I grunn og botn og med andre ord er tilliten til kontantar i Hongkong avleidd av tilliten til amerikanske dollar.

På bitcoin-konferansen i Hongkong vert marknadsprisen på bitcoin – nominert i nett amerikanske dollar – vist bortimot kontinuerleg på storskjermar. Usynleg der er faktaopplysninga om at Satoshi Nakamoto på papiret er ein styrtrik krøsus, god for 70 milliardar amerikanske dollar. Før han forsvann, fekk han nemleg «mynta» cirka 1 million bitcoin til seg sjølv. Dei «myntane» finst enno, dei er eit teknologisk faktum, men har aldri vore i bruk.

Det same kan seiast om bitcoin meir ålment: Det er tale om ein kryptovaluta som vi i særs avgrensa grad kan bruka til å kjøpa varer og tenester med. Bitcoin liknar meir på digitalt gull, «eitkvart» som har økonomisk verdi uavhengig av bruksverdi, og som folk i rik monn satsar vanlege pengar på i von om at prisen kjem til å auka med tida.

Meir utruleg, men sant er det at bitcoin er blant dei ti mest verdifulle investeringsobjekta som finst – attåt ekte gull og aksjar i dei amerikanske tech-selskapa Microsoft, Apple, Amazon, Alphabet (Google) og Meta (Facebook). Det nye – i USA og no også i Hongkong – er at bitcoin vert offentleg godkjent, legalisert som investeringsobjekt. Og slik vert innlemma av og i den tradisjonelle finansnæringa.

Bitcoin-legenda Casey Rodarmor i samtale med Erin Redwing. Saman lagar dei podkasten «Hell Money».

Kva hadde Satoshi Nakamoto sagt og meint om slike teikn i tida? Det monetære prosjektet hans var djupast sett eit opprør mot styresmakter og tradisjonelle finansinstitusjonar. Vel, Hongkong har særleg gode føresetnader for å tena pengar på bitcoin. Ein ting er fråvær av skatt på kapitalinntekter. Minst like viktig er mange års røynsle med skir finanskapitalisme.

Frå 55. høgda i lokala til Hong Kong Monetary Authority ser eg mangt og mykje av den vidgjetne finanssektoren på øya i augehøgd. Så å seia alle skyskraparane hyser bankar og liknande. Det er tale om ein ekstrem urbanitet. Alt er tilsynelatande hypermoderne med tidlause omdreiingspunkt: akkumulasjon, investering, kapital, profitt og spekulasjon i alfabetisk rekkjefylgd.

Mest skilsetjande er det å sjå skipstrafikken inn og ut av Hongkong i fugleperspektiv. Lasteskipa florerer, eg ser verdshandel med eigne auge i sakte kino. Før eg drog austetter, las eg i Norsk Allkunnebok at Hongkong i 1940 hadde «større skipsferdsle enn noka anna hamn i verda». Og for alt eg veit, er alt som før.

Sambandet mellom slik realøkonomi og bitcoin vil likevel vera avgrensa, trur eg. Bitcoin handlar ikkje om verken eksport eller import. Bitcoin er i sin grunnhått berre teknologi og tal. Men også, har eg lært, festivalar, persondyrking, kunst og subkultur de luxe.

Trikkane på øya Hongkong går att og fram gjennom høghus mellom sjøen og dei runde fjellåsane attom. Dei liknar på toetasjes bussar på skjener. Tidleg ein laurdag reiser eg kollektivt slik til endå eit bitcoin-arrangement i Soho House, no med Rodarmor-oppfinninga bitcoin-ordinal som raud tråd og meininga med det heile.

Stemninga kan samanfattast som høglydt sild i tønne. Bitcoin-kunst vert strøymd frå skjermar på veggene, musikk dundrar ut frå høgtalarar, ein langhåra amerikanar går rundt med elgitar på magen, ein annan held hoff med trollmannshatt på hovudet, sjølv kjem eg i prat med ein kar som samarbeider med eit museum i Chicago om å mynta 10.000 digitale versjonar av Edvard Munchs «Skrik» som bitcoin-ordinal og selja dei til ein rimeleg penge.

Kvifor det? «Skrik er essensen i krypto!» OK.

Ein av (dei amerikanske) ordstyrarane er euforisk med stor E. Han roper at vi skriv bitcoin-historie: Ingen av oss har møtt Satoshi Nakamoto, men i dag sviv Casey Rodarmor rundt i lokala, og snart skal han få ordet, sitat slutt.

Konferansearrangøren BTC Inc omtalar på heimesidene sine bitcoin som «ei ideologisk reise». For eiga rekning tenkjer eg at bitcoin endrar seg i samsvar med tida og tilhøva: frå digitale pengar til digitalt gull, frå anonymt opprør til ei nyvinning innanfor det finansielle establishmentet. I og med bitcoin-ordinal og digital kunst vert det kryptiske og subkulturelle ved bitcoin atter synleg. Bitcoin er verken hjulet eller krutet, men kjem etter alle solemerke til å påverka økonomi og kultur på tvers av landegrenser så lenge internettet finst. Mest truleg på amerikansk vis, vil eg tru.

Morten Søberg

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis