Bitcoin-karneval i Hongkong
HONGKONG: Kryptovalutaen bitcoin handlar om meir enn finans, pengar og spekulasjon. Bitcoin er òg subkultur, ei karnevalsfeiring dominert av alternative «tech bros» frå USA. Også i Asia.
Frå 55. høgda i lokala til Hong Kong Monetary Authority ser ein mangt og mykje av den vidgjetne finanssektoren på øya.
Alle foto: Morten Søberg
I dag kostar ein bitcoin cirka 750.000 norske kroner; bitcoin har aldri vore meir verdt enn no. På papiret eig cirka 50.000 nordmenn bitcoin og andre kryptovalutaer, men Skatteetaten sjølv trur at det sannferdige talet er godt over 300.000. Men bitcoin er i stadig større grad eit amerikansk fenomen: USA er sjølve bitcoin-landet; der vert om lag 40 prosent av bitcoin produserte og bitcoin-transaksjonar prosesserte.
Nummer 2 på den lista er Kina. Trass i regelrett forbod mot bitcoin sommaren 2021 står Fastlands-Kina for rundt rekna 20 prosent av mynting av bitcoin og godkjenning av bitcoin-transaksjonar i verda. Denne verksemda er ikkje gratis. Gud og kvarmann veit at bitcoin fyrst og fremst krev energi, kvart år om lag like mange terawattimar som Noreg produserer gjennom eit normalår.
Men det er på ein storfelt bitcoin-konferanse i Hongkong at eg for alvor ser, høyrer og skjønar at bitcoin er meir enn økonomi, straum – og klimagassutslepp òg. Det amerikanske selskapet BTC Inc har dei siste fem åra arrangert segnomspunne bitcoin-samlingar i Miami og Nashville. Visjonen deira er verdsfemnande «hyperbitcoinifisering».
I år eksporterer dei konseptet sitt til Asia, til dei hangarliknande lokala til Kai Tak Cruise Terminal rett aust for Victoria Harbour i den fortidige britiske kronkolonien. Eg reiser dit – seks timar fram i tid via Midtausten – av di eg er bankmann og det å skjøna bitcoin er ... maktpåliggjande. Fyrsteinntrykket er mylder og vrimmel; det kryr av folk, oppstartsbedrifter – og kostyme og hippe amerikanarar.
Med eitt og ein time for seint avløyser ein ordstyrar høglydt teknomusikk og melder at tida er inne. Ein utsending frå styresmaktene i Hongkong opnar ballet, lèt vel om kryptovaluta og gjer eit stort nummer ut av at dei nettopp har legalisert og regulert bitcoin som investeringsobjekt i denne delen av Kina. Han er kledd i dress, skjorte og slips og opererer under fullt namn. Dinest tek amerikanarane så å seia over showet i to dagar til endes. Dei har pynta seg i samsvar med andre kleskodar, og somme av dei lyder namn som til dømes Shinobi Trollz.
Eg klarer ikkje å plassera denne Trollz geografisk i USA; amerikansk engelsk vert stendig meir standardisert. Saman med paneldeltakarane Leo Z. og Wolfie Zhao er han i alle høve med og diskuterer problemstillinga «Krigen om bitcoin». Spørsmålet er i røynda fundamentalt: Skal bitcoin vera det bitcoin skulle verta, nemleg (berre) ein kryptovaluta, eller bør bitcoin i tillegg òg vera og leggja til rette for digital kunst og andre bitcoin-innovasjonar?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.