Biblioteket på tundraenDEL 7: tyder «dei som bur ved havet». Ein kunne lagt til «utan å ha rett til å bruke det».
DEL 7: Pomor tyder «dei som bur ved havet». Ein kunne lagt til «utan å ha rett til å bruke det».
Lastebilen av merket Ural skal bli bibliotek. Militærvogna bak skal bli dampbad. Øystein Aarlott Digre, til vanleg restaureringsteknikar ved Nidarosdomen, deltar frivillig med arbeidskraft og kompetanse. Til høgre: Folk frå kunstnarkollektivet Fridaymilk i Murmansk filmar prosjektet, og studerer det som skal bli ein mosaikk inne i biblioteket, laga av material som er funne i fråflytta hus og tomme verkstader i Teriberka.
Foto: Morten A. Strøksnes
I hjartet av Teriberka står ein lavvo, ein diger gamal lastebil av merket Ural og bak han ei kondemnert vogn for militær troppetransport. Her blir det snikra, sveisa, banka, rive ned og måla frå morgon til kveld av russiske og norske handverkarar. Lastebilen skal bli eit mobilt bibliotek, og vogna ein banja – eit dampbad. Eit russisk filmteam dokumenterer det som går føre seg.
I lavvoen møter eg på Svein Harald Holmen frå Vardø og gatekunstnaren som er kjend under kunstnarnamnet Pøbel. Dei to lagar reinbuljong frå delar av ein reinskrott dei har fått kjøpt lokalt. Kvar dag blir to varme måltid for rundt tjue personar stelt i stand her inne, over open eld. Det ligg brødmat og pålegg som alle kan forsyne seg av. Det er alltid fyr på bålet, kaffi, øl og vodka, og alle er velkomne, til langt på natt. Om dei til slutt sovnar på eit av reinsdyrskinna, er det greitt. Ein litt mystisk type som heiter Kyril, har flytta inn i lavvoen. Kanskje han berre er ein omflakkande fyr som vil prøve ut grensene for gjestfridom, kanskje er han ein spion. Men det er i så fall greitt, for ingen har noko å skjule.
Holmen og Pøbel er hovudpersonane bak prosjektet New Chapter, som er ei blanding av kunst, handverk, politikk, solidaritetsarbeid og stadutvikling. Det mobile biblioteket og dampbadet skal bli møteplassar for lokalbefolkning og tilreisande.
Teriberka er eit kriseråka russisk fiskevær på nordsida av Kola. Vardø er eit kriseråka norsk fiskevær ytst på Varangerhalvøya. Det har vore nær kontakt mellom dei to stadane i mange hundre år. Vardø er pomorbyen framfor nokon i Noreg, og Teriberka var ein viktig utpost for pomorane. Den russiske revolusjonen kappa over alle band for hundre år sidan.
I 1875 fanst det ei fast skipsrute mellom Vardø og Arkhangelsk. I 2017 greidde ikkje Holmen å få nokon skipper til å ta den korte turen med fiskeskøyte frå Vardø til Teriberka. Ingen hadde vore den vegen på fleire generasjonar. Dei kjenner ikkje lenger farvatna.
Holmen og Pøbel har vore her tre–fire gongar tidlegare. Når dei kjem, er dei her gjerne fleire veker i strekk. Biblioteket og dampbadet er det synlege resultatet av eit prosjekt som mest handlar om noko immaterielt, og dermed er litt vanskeleg å sette fingeren på. Slik eg tolkar det, skal biblioteket og badet være farkostar som skapar rørsle, kontakt, venskap og nye band mellom Teriberka og Vardø. Arbeidet involverer folk begge stader, og prosessen er minst like viktig som dei fysiske manifestasjonane som blir resultatet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.