Kunnskap
Bendelorm
Ferskvassfisk kan ha store mengder bendelorm av typen Diphyllobothrium.
Illustrasjon frå Atlas de parasitologie (1901)
Den kjende sopranen Maria Callas blei operert for blindtarmbetennelse i 1949, etter det gjekk ho kraftig opp i vekt og var lite nøgd med det. Difor kom det som ei stor overrasking då ho stilte opp på La Scala opera i Milano i 1954 tynn som aldri tidlegare. Mange trudde at denne forvandlinga kom av at songaren hadde smitta seg sjølv med bendelorm, ein kur som fekk namnet Maria Callas’ diett.
Bendelorm (Cestoda) er ei stor gruppe parasittar der dei kjønnsmogne ormane lever inne i tynntarmen til virveldyr. Kroppen til vaksne bendelormar er som oftast delt opp i ei rekkje små ledd, kvart ledd med eit fullt sett av hermafrodittiske kjønnsorgan. Heilt fremst har ormen eit lite hovud med sugeskåler eller festekrokar, og rett bak hovudet blir det heile tida laga nye ledd.
Ormane har korkje munn eller tarm, men syg opp næring rett gjennom huda. Dei sit fast i tarmen og kan ikkje søkje opp nokon partnar. Difor er kvart ledd utstyrt med begge typar kjønnsorgan, og kjønnslivet til bendelormane består (stussleg nok) i at dei ulike ledda parar seg med kvarandre. Dei bakarste ledda, som er fulle av egg, blir sleppte laus og frakta ut med avføringa.
Farlege parasittblærer
Når menneske er hovudvert for bendelormen, er det vi som har den vaksne parasitten i tynntarmen. For å smitte nye menneske må egga først utvikle seg i ein mellomvert, til dømes husdyr som storfe eller gris. I tarmen deira klekker larvane, så borar dei seg gjennom tarmveggen og spreier seg med blodet til muskulaturen, levra eller andre organ. Her kapslar dei seg inn i væskefylte parasittblærer, såkalla cysticercar, og ventar på å bli etne av ein ny menneske-hovudvert.
Her i Noreg er det lite smittekontakt mellom menneskeavføring og husdyr, og cysticercose er svært sjeldan. I store delar av Afrika, Asia, Sør- og Mellom-Amerika og mange stader i Sør-Europa er smittevernet dårlegare. Infiserte menneske kan ha ormane i tarmen i årevis og skilje ut så mykje som ein million egg om dagen. Mange husdyr blir smitta, og folk får i seg fleire ormar ved å ete dårleg varmebehandla kjøt eller innmat frå storfe eller gris.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.