Reportasje

Avstand og nærleik

Kva er den perfekte avstanden mellom familiemedlemmar?

Publisert

– Du kan leggja det tettare enn det, seier bror min.

Eg har vore i skogen med onkel Kjell, sagd treet mitt opp i emne på 30 centimeter og fått dei til gards i tilhengjar. Utanfor løa hans sat eg i nokre timar og kløyvde veden til kubbar, for så å trilla han heim i trillebår. No lør eg kubbane ute, oppå to pallar eg har lagt ned der eg trur det må vera den beste plassen for turk, for det var her besten lødde veden sin.

Medan eg står her og stablar, kjem bror min og legg seg oppi arbeidet.

– Du treng ikkje gjera det så nøyaktig. Det kjem til å turka uansett, seier han og byrjar å lø saman med meg.

– Eg skal hjelpa deg å verta ferdig, seier han.

Her skulle eg ynskja eg kunne ha skrive kor hyggeleg og gjevande det er å stå slik saman, to sysken og ein haug med ved, men det ville vore lygn. For eg vil ikkje ha meiningane hans no. Eg vil ikkje ha hjelp for å bli fortare ferdig. All veden kjem frå eitt tre, eg har felt det, kløyvd det, og no vil eg stå her åleine og stabla veden på min måte.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement