AUSTRALIA, DEL 7:
I dei usle åra i Sydney drøymde Henry Lawson om faren og heimlandet hans.
Foto: André Løyning
Frå den kinesiske bydelen, som ligg mellom jarnbanen og hamna, har eg kome ned til bryggene i Sydney. Framfor meg står Harbour Bridge, som knyter sentrum saman med Nord-Sydney – dit eg er på veg. Eg finn ein båt som kan ta meg over sundet, til Blues Point og gatene der Henry Lawson budde, på ulike adresser eller utan adresse.
Når me kjem ut i sundet, kan eg bak ein pynt sjå operahuset i aust. Ein arabar i Kongsberg, kjend for framifrå kebab, har kalla gatekjøkenet sitt opp etter den australske millionbyen, og i byrjinga skjøna eg ikkje kvifor namnet var Sydney Kebab: Dei kvite, ikoniske kuplane til operahuset liknar pitabrøda han dagleg fyller med salat, mais og grilla kjøt.
SKUGGEN
Eg har lite von om å finna att fattigkvartera der Lawson budde. Dei høge bustadprisane i Sydney har forvandla dei til flotte fasadar. Skipperen set meg av på ei brygge ved Blues Point. Opp frå vatnet fylgjer eg ein veg med ein park til venstre og fasjonable villaer til høgre. Benkane i parken og vindauga i bustadane er alle vende mot Harbour Bridge og operahuset. Venare og dyrare utsyn og adresse får ein vel ikkje i verdsdelen. Vegen heiter Henry Lawson Avenue, og parken heiter Henry Lawson Reserve. Nett som i Perth er det dei rikaste som kan omgje seg med minne om den fattige og fallerte poeten.
Slik går refrenget i litteraturhistoria: Dei siste tjue åra han levde, nådde han aldri gamle høgder. Etter heimkomsten frå London kring hundreårskiftet var han berre ein skugge av seg sjølv. Men eg lit ikkje på litteratur- og kunsthistorikarar. Dei kopierar kvarandre og er meir opptekne av faget og kollegane enn av verka dei skal presentere.
Eit døme er den siste arbeidsperioden til ein annan kunstnar som steig i verdi etter døden, Vincent van Gogh. Lenge trudde eg på det kunsthistorikarane skreiv, at den roterande stjernehimmelen som han måla dei siste åra, var uttrykk for den sjelelege uroa hans. Men ein dag såg eg eit gamalt fotografi av ein liknande stjernehimmel, og då eg undersøkte nærare, synte det seg at det var det aller fyrste fotografiet av ein spiralgalakse. Det hamna på framsida av engelske aviser det same året som Vincent van Gogh budde i London. Dei roterande stjernehimlane til van Gogh var inspirerte av ei interesse for ny naturvitskap – nett som dei kosmiske dikta som Bjørnstjerne Bjørnson og J.P. Jacobsen skreiv om lag på same tid. Men for kunsthistorikarane har det vore meir komfortabelt å lukka verket inn i ei individualpsykologisk boble.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.