AUSTRALIA, DEL 6:

På veg til moskeen i Adelaide, ein av Australias eldste, vert eg heller sitjande med aboriginane i parken.

Diana (til høgre) og nokre av venene hennar i parken i Adelaide.
Diana (til høgre) og nokre av venene hennar i parken i Adelaide.
Publisert

På vegen austover gjennom Australia har toget ein føremiddag stogga i Adelaide. Passasjerane har fått velja mellom fire ulike omvisingar i millionbyen, og eg har valt ein tur til marknaden. Der syner det seg snøgt at me er sjanghaia av seljarar. Då me vert førte til ein parfymedisk, stikk eg av.

Adrenalinnivået stig når ein kjem til ein millionby ein aldri har vore i. Kva er det å sjå? Kven er det å møta? Innfødde har eg ikkje snakka med, men det har vore eit par nestenmøte. Då toget stogga for ei omvising i gullgravarbyen Kalgoorlie, der ei av verdas største gullgruver framleis er i drift, skulle me ha vitja ein aboriginsk bydel, men ferda dit vart innstilt av di steinkastande aboriginar ofte går til åtak på køyrety. Det næraste me kom, var ei kyrkje der vindauga var spikra att. I fleire av lokalavisene undervegs finn eg små politinotisar om brotsverk der aboriginar er arresterte. Talet på aboriginar i australske fengsel har auka med heile 25 prosent berre dei tre siste åra. Fengsla er ikkje fylde av etterkommarane til dei som kom til Australia frå britiske fangehol, men av etterkommarane til dei som budde her før dei britiske straffangane kom. I USA er risikoen for å verta fengsla fem gonger høgare for ein afroamerikanar enn for ein kvit amerikanar. I delstaten New South Wales er risikoen for å hamna bak murane tretten gonger høgare for ein aborigin enn for ein kvit australiar.

GLOBAL SKILNAD

Etter å ha forlate flokken min på marknaden i Adelaide går eg innom ein 7-Eleven for å handla simkort til mobiltelefonen. Som ein 7-Eleven i Roma, Bangkok eller Oslo er butikken ein amerikansk kulturimport, men i motsetnad til desse vantar den australske utgåva ein særeigen detalj: ein rett, eit produkt, ein kampanje med eit lokalt preg. Sentrum i verdas storbyar har vorte meir og meir like når dei fyrst har kome seg opp på eit økonomisk og infrastrukturelt nivå me gjerne kallar vestleg. Merkevarebutikkane og kjederestaurantane, kjøpesentra og handlegatene er eins. Du må ut i dei globale utkantane om det ikkje skal liggja ein 7-Eleven på fyrste gatehjørne. Du må til Filippinane der dei lokale kioskane framleis er familieåtte, eller til ein avsides småby som Notodden der dei globale kjedene ikkje finn det rekningssvarande å etablera seg.

Dei bruna pubane og mørke barane har òg vorte eins, jamvel om dei ikkje er knytte til ei internasjonal kjede. Du står ved disken i ein indiebar og høyrer indiemusikk medan du granskar utvalet av indiewhisky. Eit interiørbilete vil ikkje fortelja om du står i ein bar i Tokyo, Vientiane eller Bergen. Men det er i denne likskapen skilnadane vert synlege. Di meir identiske dei globale konsepta har vorte, di meir syner små detaljar det lokale preget. I ein indiebar i Vientiane, hovudstaden i Laos, ein bar som til forveksling likna ein bar i Nygårdsgaten i Bergen, låg det til venstre for disken eit eige rom, skilt frå sjølve baren med ein glasvegg. Der sat kasseraren, ein statleg pålagd funksjon i eittpartistaten. Han ordna med alt det monetære medan jentene bak disken tok seg av serveringa. Elles kunne ein like gjerne vore i Bergen.

Australia liknar så mykje på dei to landa som har amerikanisert og anglifisert kontinentet, at det skil seg frå andre amerikaniserte og anglifiserte land. I kvardagen og i dei nasjonale symbola finn du ikkje att ein før-amerikansk og før-anglikansk kultur – ikkje slik du finn eit Colosseum i Italia, ein mayamarknad i Guatemala eller ei stavkyrkje i Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement