AUSTRALIA, DEL 5:
Kvar gong eg legg ut på ei av dei lengste togferdene i verda, vert eg som ein liten gut att.
Indian Pacific er eit samband mellom to verdshav, Indiahavet og Stillehavet. Her er det tidleg morgon og soloppgang over Nullarbor.
Alle foto: Håvard Rem
Tysdag 17. oktober var ein australsk merkedag. Då var det 100 år sidan det store kontinentet vart forbunde med éi togline: 17. oktober 1917 vart jarnbanen frå Perth i vest kopla saman med banen frå Sydney i aust. Det hende om lag midtvegs, i Cook, dit eg no er på veg. Av di jarnbanen fysisk knytte saman delstatar som nyleg hadde vorte samla på papiret, var hendinga rik på både praktisk og symbolsk verdi. Markeringa var ikkje mindre enn om me i Noreg hadde opna eit togsamband mellom Stavanger og Tromsø – sett bort frå at banen frå Perth til Sydney er 4500 kilometer lang, og dimed dobbelt så lang.
HORISONTAR
Banen fekk namnet Indian Pacific av di han forbind to verdshav, Indiahavet og Stillehavet. Og det er på havet me finn ein norsk parallell: Hurtigruta. Båe er dei ei nasjonalferd som innbyggjarane må ta ein gong i livet. Det er den ferda utlendingane vel om dei har høve. Du flyttar inn i eigen lugar eller kupé. Du går til ein framifrå restaurant om bord og et og drikk til fastsette tider. Du vert godt kjend med dei medreisande. I somme hamne- eller stasjonsbyar dreg du på ekskursjon. I køya di om bord vert du vogga i søvn under stjernene etter å ha kjent på eksistensvilkår du ikkje har tenkt på sidan du var barn. Du er pakka inn i jamne, føreseielege rørsler og lydar. Kjensla av tryggleik vert forsterka av uvissa. Du ser ikkje noko der ute i mørkret, og du veit ikkje kva du får sjå når sola kjem opp. Naturen utanfor står rett på andre sida av vindauget, som ei aude og nådelaus forlenging av verdsrommet, som ein stad der du neppe ville ha overlevd på eiga hand.
Då eg gjekk om bord i Perth, vart eg synt kupeen av to tilsette – ein eksoffiser i den australske hæren som er hovmeister og gjesteansvarleg om bord, og den unge assistenten som opprømt fortel at ho er førstereisjente. I kupeen står to djupe, men stutte sofaar andsynes kvarandre med eit bord og eit stort vindauge mellom. Veggen bak den eine sofaen kan ein senka til ei seng. Når du går til middag, reiar dei senga for meg til natta, fortel dei, og medan eg et frukost, gjer dei senga om til sitjegruppe att.
Men måltida er så gode at eg lærer å gjera det sjølv. Etter lunsj ligg eg i senga, ser på landskapet og høyrer på togradioen. Har eg nokon gong sett ein 360 graders horisont heime? På havet har eg det, men på land? Jæren byr på horisontar, men då er det hav med i biletet. No er eg omgjeven av ein pannekakehorisont av landjord, utan fjell og dalar, utan ein bakkekam og i lange strekk utan tre. Når me dreg over Nullarbor, som tyder «ingen tre», dreg me over ei slette med verdas lengste jarnbanestrekning utan éin sving, som om toget frå Trondheim til Oslo aldri krenga i ei einaste kurve.
Det vert ikkje keisamt, men meditativt. Ei tjukk bok med dikt skrivne til og om Nullarbor har eg med meg. Eg høyrer på Indian Pacific-radioen: ei vitjing hos ein av dei attverande innbyggjarane i Cook. Ein reportasje om vassrøyret som går langs toglina, eit teknologisk underverk i si tid, gjort av ein visjonær irsk ingeniør som møtte så mykje motstand at han tok livet av seg like før den 530 kilometer lange Goldfields Pipeline stod ferdig. Eit stadig attvendande tema i radioprogramma er dikta, forteljingane og livet til Henry Lawson, jamvel om han ikkje har sterk tilknyting til korkje Vest-Australia eller jarnbanen dit. For meg høver det godt. Han som eg fer i spora til, har vorte reisefylgje om bord.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.