AUSTRALIA, DEL 4:
I eit Vest-Australia som ein gong vart busett av straffedømde, fann eg verdas mest avsidesliggjande og velordna millionby, Perth.
Claisebrook Cove med Henry Lawson Walk til høgre og Perth sentrum i bakgrunnen til venstre.
Oppkalla etter skotske Perth, fødestaden til han som grunnla den fyrste kolonien her, har byen eit namn som liknar lyden av nokon som spyttar. Venare er tilnamnet – City of Light (lysbyen) – som Perth fekk i 1962, då innbyggjarane ei natt tende inne- og utelykter for å gjera seg synlege for John Glenn, den fyrste amerikanske astronauten som gjekk i bane kring jorda. Dei gjorde det same ein mannsalder seinare, då Glenn passerte over dei i ei romferje.
Opplevinga av å verta sett eller sjølv å sjå jorda frå verdsrommet er i dag ei kvardagshending på Google Earth, men om du ser Australia frå ein satellitt eller ei drosje, er det eit rike av rektangel du får sjå. Linjalrette grenser på fleire tusen kilometer deler kontinentet i delstatar, og i delstatane ligg fylka som avlange boksar. Zoomar du inn til storbyane, ser du eit nytt rektangel. Attmed ei elv, Swan River, nokre kilometer innanfor hamnebassenget og havet, ligg sentrum i Perth som eit avlangt rutenett av gater, nett som i Melbourne.
SKVÆR
Slik held det fram. Heile kontinentet er seksjonert i firkantar, aller helst fysisk inngjerda: Delstatar og fylke, parkeringsplassar og gravstader, hageflekkar og idrettsparkar, åkerlappar og utmark, ja, til og med vasspyttane og bassenga som beitedyra skal drikka frå, er rektangulære.
Kan me sjå fenomenet i samanheng med at den jamne australiaren vert rekna som «square» – i tydinga A4? Då ordet vart lånt inn i norsk, fekk det i hovudsak ei positiv tyding som ordhalden og rettlinja: «Eg lit på deg, du er skvær». Som nemning for ein menneskeleg eigenskap er det engelske ordet nedsetjande – firkanta. Det svarar til stereotypiar om australiarane i både fortid og notid. For 100 år sidan var byborgarskapet kjent for viktoriansk konservatisme og bygdefolket for vill-vest-verdiar. I dag er Australia eit av dei mest gjennomregulerte og straumlineforma samfunna eg har vitja. Skal du inn i ei drosje, ein kafé eller ein park, vert du møtt med skilt som fortel kva som er forbode og påbode, tilrådd og frårådd. I Australia heiter det ikkje overvakingskamera, men tryggleikskamera. Jarnbanetilsette har kamera som ein del av uniforma. Opptak av bilete og lyd kan verta nytta av politi som ventar på toget på dei største stasjonane.
I drosja inn til sentrum freistar eg frå baksetet å gjera meg kjend med omgivnadane, men det går ikkje av di sidevindauget er klistra att med teikn som fortel kva som er lov og ikkje. Dei har skilt i søraustasiatiske drosjer òg, men der gjeld dei forståelege forbod, som mot å nytta skytevåpen eller narkotika i bilen, ha samlege i baksetet eller nyta den velsmakande, men illeluktande frukta durian. I lovlyduge Perth vert utsynet hindra av følgjande informasjon: Bilbelte er påbode. Førarhundar er tillatne.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.